Ny løysing gjer raskare refusjon
Pasientar som har lagt ut for tømmemiddel før undersøking, får nå pengane tilbake raskare enn før. Ei ny digital løysing gjer behandlinga av refusjon både enklare for pasientane og mindre tidkrevjande for medarbeidarane.
Pasientar som skal gjennomgå gastroskopi, koloskopi og CT av tjukktarm, må tømme tarmen før undersøkinga. Dei kjøper tømmemiddelet sjølve på apoteket, og sjukehuset betaler dette tilbake i etterkant. Før kunne det gå nokre dagar, i verste fall veker, før pengane var på konto. No får dei fleste pengane få dagar etter at søknaden er sendt inn.
Mindre manuelt arbeid
Den gamle ordninga var tungvint og tidkrevjande for både pasientar og tilsette. Pasienten måtte ta med kvitteringa frå apoteket til poliklinikken, der ho blei stifta til eit skjema som måtte bli fylt ut manuelt. Deretter blei alt sendt med internpost til rekneskap.
– Alternativt kunne pasienten skrive ut skjemaet heime, fylle det ut og laste det opp via E-dialog saman med kvitteringar, eller sende det i posten til sitt helseføretak. Regnskap la så inn kvar enkelt transaksjon manuelt i nettbanken. Etter dobbel godkjenning blei pengane til slutt utbetalt. Heile prosessen innebar mykje manuelt arbeid, seier Gro Juul, konsulent i Helse Stavanger og teammedlem i området for økonomi og forsyning.
Med den nye løysinga kan pasienten sende inn skjema og kvittering digitalt, og behandlinga av søknaden skjer automatisk.
– Dette reduserer den manuelle behandlingstida betydeleg, og administrativt helsepersonell kan bruke meir tid på å leggje til rette for pasientbehandling, seier Kjartan Rasmussen, seniorrådgivar i Helse Vest IKT og produktområdeleiar for rekneskap.
Kor mykje sjukehuset sparar på dette, vil tida vise. Det som er heilt sikkert er at arbeidskvardagen hos poliklinikk og hos rekneskap blir enklare.

Foto: Tanja Rajic Birkenfeldt, Helse Vest IKT
Ei etterlengta løysing
Løysinga er utvikla i Helse Vest etter at regnskapsavdelinga i Helse Fonna etterspurde ei betre måte å handtere refusjonar på. Berre i dette helseføretaket behandlar dei 200-300 refusjonskrav for tømmemiddel i månaden. I heile regionen er det cirka 1500 refusjonar kvar månad.
Utviklinga tok rundt sju månader.
– Vi har venta på ei nasjonal løysing i 25 år. Det er derfor veldig gledeleg at vi no har ei regional løysing på plass, seier Juul.
Skal du søke om refusjon av tømmemiddel? Du finn informasjon om korleis du gjer det på nettsidene til ditt sjukehus.
