Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny ordning for å få ned ventetidene til operasjon

Helse Vest innfører ei ny insentivordning for å redusere dei lange ventetidene til operasjon på Vestlandet.

Publisert 12.03.2026
mann sitter i stor trapp

Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF

Fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse, håper at den nye insentivordninga vil føre til fleire operasjonar i sjukehusa. – Ei slik auke i aktivitet ville vere svært viktig for å nå målet om å redusere ventetid til operasjon til 2019-nivå, seier han.

Helse Vest har over tid arbeidd målretta for å få ned ventetidene, i tråd med regjeringa sitt Ventetidsløftet.

I mai og juni i fjor nådde regionen måla for ventetid til oppstart av helsehjelp.
 Etter dette har merksemda vore retta mot ventetida fram til operasjonen, fordi her har det framleis vore lange ventelister. Ventetidene har auka betydeleg dei siste åra, og det er mange pasientar som må vente lenge på operasjon for vanlege og plagsame tilstander.  

– Slik skal det ikkje vere. Sjølv om det ikkje er snakk om alvorlege tilstander, vil det ha stor betydning for pasientane å få gjennomført operasjonen dei venter på så raskt som mogleg etter at legen deira har vurdert at dei vil ha nytte av operasjonen, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.  

No har Helse Vest sett i gang ei heilt ny insentivordning for å få ned ventetidene til operasjon for pasientar i regionen.   

Styret i Helse Vest RHF har vore svært opptatt av å redusere ventetid til operasjon og bedt om at ventetidene blir redusert til nivået frå 2019 innan 2027. 

Les sak til styremøte september 2025 

Slik fungerer den nye insentivordninga 

Insentivordninga gir helseføretaka ekstra tilskot dersom dei behandlar fleire pasientar enn eit fastsett referansenivå. Dette referansenivået er basert på gjennomsnittleg aktivitet i 2024 og 2025. Aktiviteten blir målt i talet på utførte operasjonar. 

Tilskotet kjem i tillegg til ordinær ISF-finansiering (innsatsstyrt finansiering), som er den statlege ordninga der sjukehusa får delar av inntektene sine basert på kor mykje behandling dei utfører. 

Insentivordninga gjeld alle dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, inkludert dei private ideelle med avtale. Ho er retta mot dei operasjonane som er definert under «velg behandlingssted» på helsenorge.no. Desse operasjonane omfattar ikkje øyeblikkeleg hjelp-operasjonar, kreftkirurgi eller andre inngrep med høg prognostisk betydning. 

– Vi håper at vi med denne ordninga skal lukkast med ei markant auke i tal operasjonar frå nivået som var i 2024–2025. Ei slik auke i aktivitet ville vere svært viktig for å nå målet om å redusere ventetid til operasjon til 2019-nivå, seier Vikse. 

Ein heilt ny modell 

Ordninga starta 1. mars, og vil bli følgt opp månadleg i Helse Vest RHF. Erfaringane vil avgjere kor lenge ordninga skal vare, og om ho bør justerast undervegs. Helse Vest er den einaste regionen som gjennomfører eit slikt tiltak på denne måten. 

Lesak til styremøte mars 2026 og vedlegg om insentivordninga