Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt studium styrker fagområde

Den nye profesjonsutdanninga for psykologi er i gang på Universitetet i Stavanger. – Ein milepæl både for regionen og for arbeidet med psykisk helse i Noreg, seier assisterande fagdirektør Lars Ravn Øhlckers i Helse Vest RHF.

Publisert 16.09.2026
Mennesker som er samlet til åpning av et arrangement

Foto: Heidi Wittrup Djup, Psykologtidsskriftet

Fra åpningsarrangementet til studiet. Bak kan vi sjå Lars Ravn Øhlckers frå Helse Vest RHF.

Det nye profesjonsstudiet har 30 studieplassar, og gir kompetansen som trengst for å ta grada cand.psychol og starte ein karriere som klinisk psykolog.  

– Gode psykiske helsetenester er avhengige av kompetente fagfolk, og med det nye studiet vil fleire få den nødvendige utdanninga, og fagmiljøa får nye impulsar, seier Lars Ravn Øhlckers i Helse Vest RHF.  

Ein milepæl

Øhlckers omtaler studiet som ein milepæl både for regionen og for arbeidet med psykisk helse i Noreg.  

– Dette bidreg til å sikre tilgang på dyktige medarbeidarar i tenestene. Vi i Helse Vest RHF er glade for at studiet no har komme i gang.