Nytt styre i Helse Vest RHF
Det er oppnemnd nytt styre i dei regionale helseføretaka. To nye medlem kjem inn i styret i Helse Vest RHF.
Publisert 09.01.2026
Styra i dei regionale helseføretaka er det øvste ansvarlege organet i helseregionen. Styret har det overordna ansvaret for Helse Vest RHF, inkludert dei fem helseføretaka og IKT-selskapet i regionen. Styret har ansvaret for at oppgåvene i helseføretaka blir løyste til det beste for pasienten.
Styret i Helse Vest består av likestilte representantar som er oppnemnde av Helse- og omsorgsdepartementet, og representantar som er valde av og blant dei tilsette.
Frå 9. januar består styret i Helse Vest RHF av desse medlemmene:
- Agnes Landstad (styreleiar)
- Oddvar Kaarbøe (nestleiar)
- Tord Anton Haaland
- Kristin Reitan Husebø
- Hege Solbakken
- Leif Teksum (ny)
- Toril Eide Kongsrud (ny)
Vald av og blant tilsette:
- Wenche Kristin Røkenes
- Linda Karin Gangstøe
- Lars Kåre Selland Kleppe
Les meir om oppnemninga på regjeringen.no.
