Problema med telefoni skal vere løyst
Du skal nå kunne få kontakt med sjukehusa i Helse Vest som vanleg gjennom mobilnettet.
Publisert 08.10.2026
Oppdatert status torsdag kveld:
Hendinga råka også nødnummer. Desse skal nå fungere som normalt
Telenor meldte torsdag ettermiddag at enkelte anrop til nødnummer, blant anna 113, feila.
Tidlegare status torsdag ettermiddag:
Dersom du ikkje kjem gjennom til sjukehusa i Helse Vest, er anbefalinga å prøve fleire gonger. Du kan også ta kontakt med næraste helsetilbod i kommunen du bur.
Om du treng akutt helsehjelp, og ikkje får kontakt med 113, kan du også prøve dette:
- Har du nokon med Telia- og eller Ice-abonnement rundt deg, kan du prøve å ringe med dei i staden.
- Møt opp på akuttmottaket om du treng akutt helsehjelp og ikkje kjem gjennom via telefon.