Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skal styrkje arbeidet mot kritikkverdige forhold

Føretaka i Helse Vest har rutinar og system som skal førebyggje kritikkverdige forhold. Likevel manglar vi ei samla og systematisk tilnærming til arbeidet. Det viser ein ny rapport frå internrevisjonen.

Publisert 20.10.2026

Internrevisjonen i Helse Vest RHF har undersøkt korleis føretaka arbeider med risiko, habilitet, interessekonfliktar og varsling. Rapporten viser at rutinane for økonomi og reglane for kven som kan ta avgjerder, stort sett fungerer godt. Samtidig må arbeidet mot kritikkverdige forhold bli meir samla og systematisk. 

– Vi har eit godt grunnlag, men rapporten viser at vi må sjå arbeidet vårt meir i samanheng. Målet er å førebyggje uønskte hendingar, oppdage dei tidleg og handtere dei på ein god og etterprøvbar måte, seier Bjørn Munthe, leiar for internrevisjonen i  Helse Vest RHF.  

Foto: Jorunn Busk

Bjørn Munthe, leiar for internrevisjonen i Helse Vest RHF. Foto: Jorunn Busk

Varslingsordninga må bli betre kjend 

Alle føretaka har rutinar for varsling. Likevel kjenner ikkje medarbeidarane ordninga godt nok. Mange oppfattar henne først og fremst som ein kanal for arbeidsmiljøsaker, medan færre er klar over at dei også kan varsle om mistanke om kritikkverdige forhold.  

Internrevisjonen tilrår derfor at varslingsordninga blir betre kjend, og at det blir tydelegare kven som har ansvar for å ta imot, undersøkje og følgje opp varsel. Føretaka bør gi medarbeidarane opplæring som er tilpassa rollene og ansvaret deira. 

– Medarbeidarane må vite kva dei kan varsle om, korleis dei skal gå fram, og kva som skjer når eit varsel blir meldt. Ei kjend og trygg varslingsordning er viktig for å avdekkje og handtere kritikkverdige forhold, seier Bjørn Munthe. 

Habilitet må dokumenterast betre 

Internrevisjonen fann at fleire av anskaffingane mangla ei skriftleg vurdering av habilitet. Det gjaldt mellom anna kjøp på rammeavtalar og enkelte mindre anskaffingar.  

Ein analyse fann også relasjonar mellom medarbeidarar eller nærståande og leverandørar. Slike relasjonar treng ikkje vere problematiske, men dei bør vere kjende og dokumenterte. Føretaka skal derfor følgje dei opp.  

– Vi har ikkje avdekt kritikkverdige forhold. Men analysen viser kor viktig det er å ha gode rutinar for å registrere og vurdere habilitet, seier Bjørn Munthe.  

Styret i Helse Vest RHF behandlar rapporten 22. oktober. Helse Vest RHF og helseføretaka skal lage ein plan for å følgje opp tilrådingane.