Strammare økonomi i ny langtidsplan
Økonomien i sjukehusa og føretaka i Helse Vest er krevjande, og det vil påverke handlingsrommet framover. Den økonomiske langtidsplanen seier at det blir enda meir krevjande prioriteringar av drift og investeringar i åra som kjem.
Faktaboks: Saka oppsummert
- Økonomien i sjukehusa og føretaka i Helse Vest er krevjande, og det vil påverke handlingsrommet framover. Resultata i 2026 er svakare enn planlagt.
- Økonomisk langtidsplan viser korleis drifta og investeringane i Helse Vest-regionen kan bli dei neste åra.
- Gjelda skal vere stabil på maks om lag 18–19 milliardar kroner i heile Helse Vest-regionen framover.
- Nokre prosjekt blir utsette eller delte opp, mellom anna oppgradering av Sentralblokka i Bergen.
På styremøtet til Helse Vest RHF onsdag vart den økonomiske langtidsplanen for sjukehusa og føretaka i regionen behandla. Den økonomiske langtidsplanen viser korleis drifta og investeringane i Helse Vest-regionen kan bli dei neste ti åra.
– Økonomisk langtidsplan, ØLP, er langtidsvarselet for helseføretaka, og planen skal sikre ein berekraftig økonomi i heile regionen vår i åra framover. Resultata i 2026 er så langt svakare enn planlagt, og dette påverkar handlingsrommet i dei kommande åra negativt, seier økonomidirektør i Helse Vest RHF, Per Karlsen.
Styra i alle helseføretaka i regionen har behandla sine framlegg til økonomisk langtidsplan , før planen vart behandla i Helse Vest-styret.

Foto: Jorunn Busk
Må flytte fleire større prosjekt ut i tid
– Vi må sjå ei vesentleg forbetring i resultata i helseføretaka. Dette er nødvendig for å ha nok pengar til investeringar. Helse Vest har allereie mykje gjeld, og det er ikkje berekraftig å auke gjelda endå meir i åra framover, fortset Karlsen.
Gjeldsnivået skal vere stabilt på om lag 18-19 milliardar kroner i Helse Vest-regionen. Difor må fleire større prosjekt tilpassast i tid og omfang. Oppgradering av Sentralblokka i Bergen må flytta to år ut i tid samanlikna med det Helse Bergen har lagt fram. Prosjektet må delast opp i mindre byggetrinn, for å kunne halde den samla investeringsramma. Det same gjeld prosjekta for utvikling av Voss, helikopterbase i Helse Bergen, og investering i sterilsentral og obs-post i Helse Fonna. Alle er flytta ut i tid med to år.
Les styresaka frå styremøtet i Helse Vest RHF i juni.
Dette er dei sentrale punkta i ØLP
- Sjukehusa og føretaka i Helse Vest må betre dei økonomiske resultata og få betre kontroll på kostnadsutviklinga.
- Investeringsnivået må vere økonomisk berekraftig. Gjelda må difor holde eit stabilt nivå på om lag 18–19 milliardar kroner til saman i heile Helse Vest. Det betyr ei investeringsramme for føretaksgruppa i Helse Vest på om lag 3 milliardar kroner pr år under føresetnad av at resultata blir tilstrekkeleg betra.
- Fleire planlagde investeringar blir utsette eller delte opp, for å redusere økonomisk risiko, og nye, store prosjekt må bli vurdert meir kritisk.
- Oppgradering av Sentralblokka i Bergen må delast opp i mindre byggetrinn eller prosjekt. I tillegg må ein vurdere og prioritere desse innafor ein samla regional prioriteringsliste frå 2032.
- Ingen investeringsprosjekt kan planleggast med meir enn om lag 1 til 1,5 milliardar kroner kvart enkelt budsjettår.
- Om økonomien ikkje utviklar seg som planlagt, så må Helse Vest RHF justere investeringane og prioriteringane ennå meir framover.
Dette er økonomisk langtidsplan
- ØLP står for økonomisk langtidsplan.
- ØLP beskriv korleis drifta, den økonomiske situasjonen og investeringsevna til sjukehusa og føretaka på Vestlandet ser ut dei neste ti åra.
- Styret i Helse Vest behandlar ØLP årleg, som ein del av budsjettprosessen. Alle helseføretaka har behandla saker om økonomisk langtidsplan i dei respektive styra sine, før saka blir behandla i Helse Vest-styret.