Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ti år med forbetring

Forbetringsutdanninga i Helse Vest markerer ti år i år. Her blir tankar sett i system, idear til prosjekt, og det blir skapt eit rom for at medarbeidarane i sjukehusa kan finna løysingar på utfordringar i kvardagen.

Publisert 29.09.2026
En gruppe mennesker som sitter ved bord

Foto: Charlotta Schaefer

Saka oppsummert

  • Forbetringsutdanninga i Helse Vest fyller 10 år, og har gitt forbetringskompetanse til 958 medarbeidarar.
  • Utdanninga gir deltakarane metodar og verktøy for å utvikle, teste og gjennomføre kvalitetsforbetringar i eigen arbeidskvardag.
  • Deltakarane lærer å forstå problema grundig før dei set i verk løysingar, noko som gir meir treffsikre og varige forbetringar.
  • Leiarar i helseføretaka ser utdanninga som viktig for å styrkje endringsleiing og skape ein kultur for systematisk forbetringsarbeid i heile organisasjonen.

 

I Helse Vest er målet å heile tida betre tenestene for pasientar og pårørande. Som eit ledd i dette finst forbetringsutdanninga. Her skal kunnskapen og erfaringa deltakarane får i løpet av utdanninga bli brukt i forbetringsarbeid, og til å lære opp andre i organisasjonen til å drive forbetring.

I år markerer forbetringsutdanninga ti år, og i løpet av desse ti åra har 958 personar fått forbetringskompetanse i Helse Vest.

Utvikla kurs

Marian Yrke jobbar som ergoterapeut og funksjonsleiar for eit tverrfagleg team i Helse Fonna. Ho opplevde forbetringsutdanninga som ein god måte å strukturera tankesettet på. Ein plass der dei gode ideane kunne utviklast, og bli gjennomførte i kvardagen.

– Teamet mitt og eg hadde ein idé om eit kurs vi ønskte å utvikle, og eg trur vi hadde møtt meir motstand utan forbetringsutdanninga med oss. Med utdanninga og såkornmidlar fekk vi ei forankring i leiinga som gjorde at vi stod støtt. Vi hadde ein sponsor, og eit støtteapparat, og fekk tid til å jobba systematisk, seier ho.

Kurset dei utvikla heiter Plutseleg vaksen, og er til føresette som har barn mellom 15 og 20 år med tidleg erverva skadar eller sjukdommar, autisme, syndrom eller andre årsaker til at dei må ha bistand framover i livet.

Forstå problemet

No har fleire andre helseføretak i Noreg teke tak i ideen, og prøver å ta i bruk Plutseleg vaksen hos seg.

– Det tek tid å gjennomføre målingar, men når du får dei kan du sjå at det du gjer har effekt. Eg har no tankesettet i ryggmerg og pannebrask når eg prøver å setje i gang noko, og prøver å rettleie til at vi skal jobbe meir med kvalitet, seier Yrke.

Nokre forbetringsprosjekt kan vere vanskelegare enn andre å hale heilt i land, men det treng ikkje bety at prosessen var utan læring. Det erfarte fagutviklingssjukepleiar Preben Tangenes på kirurgisk serviceklinikk i Helse Bergen.

– I det kliniske arbeidet hoppar vi ofte berre rett på ei løysing, så eg syntest det var utfordrande i starten å bruka tid på å forstå problemet og korleis friksjonen oppstod, seier han.

Finne løysingane

Tangenes ser på forbetringsutdanninga som eit handlingsrom der medarbeidarane i sjukehusa kan påverke kvardagen sin.

– Der eg synest metodikken passar bra, er på dei irritasjonsmomenta i kvardagen som vi går og kjenner på, og som vi ikkje synest leiinga har like stor forståing for. Det er lett å tenkje at leiinga må følgje opp, men det er jo vår arbeidskvardag og våre problemstillingar, så kanskje det er vi som må finne løysingane, seier han.

En mann med briller

Foto: Privat.

Preben Tangenes.

 

Forbetringsprosjektet Tangenes sette i gang handlar om simuleringsarbeid som opplæringsverktøy. Førebels er det sett på pause på grunn av mangel på rom.

– Men du treng ikkje starte eit forbetringsprosjekt for å bruke mange av verktøya, eller belyse ei problemstilling. Vi kan leggje til rette for at dette kan bli ein del av arbeidskvardagen. Dette er ikkje noko leiinga skal huke av i eit Excel-ark, dette er for alle, seier han.

Klare for endring

Endring er den nye kvardagen, meiner administrerande direktør Arve Varden i Helse Førde.

– Skal vi klare alle endringane, må leiarane våre ha kompetanse på endringsleiing. Dette er sentralt i forbetringsutdanninga, og rustar oss til den nye kvardagen, seier Varden.

I Helse Førde har avdelingssjef Stian Sægrov på prehospital avdeling hatt som mål at alle leiarane i avdelinga hans skal ha forbetringsutdanning. Snart er dei i mål.

– Det er ei veldig god utdanning, som gir deg ein strukturert måte å jobbe med forbetringsarbeid i eigen klinikk. Når alle leiarane har teke utdanninga, først då kan vi seie at vi jobbar systematisk med forbetringsarbeid. Det at vi er i ferd med å nå dette målet synest eg er supert, seier han.