Felleseigde helseføretak
Helse Vest eig fem helseføretakk saman med dei andre regionale helseføretaka, Helse Nord, Helse Midt-Norge og Helse Sør-Øst.
Sykehusinnkjøp HF
Sykehusinnkjøp HF koordinerer felles innkjøpsavtalar for alle helseføretaka i Noreg for slik å gjere innkjøpa billigare for sjukehusa.
Pasientreiser HF
Pasientreiser HF har ansvaret for ordninga med reisestøtte og er eit nasjonalt fagleg kompetansesenter for heile pasientreiseområdet. Føretaket utviklar og forvaltar nasjonale IKT-løysingar, tilbyr juridisk bistand og opplæring, bidreg til standardisering av praksis og har ansvar for innhald om pasientreiser på nasjonale nettsider i tråd med oppdraga frå dei regionale helseføretaka.
Pasientreiseområdet blir forvalta av 17 helseføretak og eit felleseigd føretak, Pasientreiser HF. Pasientreiser i helseføretaka har ansvaret for å inngå avtalar med transportørar, planleggje og bestille organiserte reiser på medisinsk og trafikkfagleg grunnlag. I tillegg har fleire helseføretak transport i eigen regi. Helseføretaka tek imot og administrerer bestillingar frå behandlarar og pasientar, og rettleier pasientar, transportørar og behandlarar.
Luftambulansetjenesten HF
Helseforetakenes nasjonale luftambulansetjeneste HF (forkorta til Luftambulansetjenesten HF) har det operative ansvaret for luftambulansetenesta. Sjukehusa har det medisinske ansvaret og stiller med legar og sjukepleiarar.
Helsetjenestens driftsorganisasjon HF
Helsetjenestens driftsorganisasjon for nødnett HF (HDO HF) er eit driftssenter for helsetenesta si bruk av løysingar for nødmeldetenester. Brukarane av tenestene i HDO er helsepersonell i dei regionale helseføretaka, helseføretaka og alle kommunane i landet. Det er open drift- og brukarstøtte for selskapets brukarar heile døgnet.
Sykehusbygg HF
Sykehusbygg HF skal bidra til ei framtidsretta utvikling av sjukehusbygginga i Noreg gjennom læring, innovasjon, erfarings- og kompetanseoverføring. Sykehusbygg sikrar eit nasjonalt kompetansemiljø for sjukehusplanlegging og sjukehusbygging på eit høgt internasjonalt nivå. Sykehusbygg HF skal nyttast i alle byggeprosjekt med ein verdi på over 500 millionar kroner.
Sykehusbygg skal utføre tenester knytte til utvikling, planlegging og gjennomføring av byggeprosjekt, samt tenester innan eigedom som gir felles gevinstar for helsesektoren.