Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Diagram
For leverandørar

01 Bli leverandør og avtalar

Finn ut kvar konkurransane blir kunngjorde, korleis du leverer tilbod, og kva som skjer dersom du får ein avtale.

Tilbake til hovudsida for leverandørar

Føretaka kjøper inn varer og tenester til sjukehus, apotek og andre einingar i Helse Vest. Du blir vanlegvis leverandør til Helse Vest ved å delta i ein offentleg konkurranse og få tildelt ein avtale. Her ser du kvar du finn konkurransane, kven som gjennomfører dei, og kva som skjer etter at du har fått ein avtale. 

Slik går det til 

  1. Finn konkurransen. Konkurransar blir kunngjorde på Doffin eller EU-databasen TED. 
  2. Kvalifiser deg. Les konkurransegrunnlaget og sjekk at verksemda oppfyller krava. Det kan mellom anna vere krav til økonomisk og teknisk evne. 
  3. Lever tilbod. Lever tilbodet elektronisk på den måten og innan den fristen som står i kunngjeringa 
  4. Inngå avtale. Vinn du konkurransen, får du tilbod om ein rammeavtale. Avtalen viser kva helseføretak som er omfatta 
  5. Bli implementert. Etter at avtalen er inngått, skal produkt og prisar leggjast inn i innkjøpssystema, og leveranseløysinga må vere avklart.  

 

Kven gjennomfører anskaffingane? 

Sykehusinnkjøp HF gjennomfører anskaffingar på vegner av dei fire helseregionane: Helse Nord, Helse Midt-Noreg, Helse Vest og Helse Sør-Øst. Selskapet er eigd av dei fire regionale helseføretaka.  

 

Vil du presentere eit produkt eller ei teneste? 

Finn først ut om det finst ein gjeldande avtale eller ein planlagd konkurranse for produktet eller tenesta: 

  • Oversikta over aktive nasjonale avtalar finn du hos Sykehusinnkjøp HF. 
  • Vil du tilby eit produkt som ikkje er omfatta av ein nasjonal avtale, skal du kontakte Sykehusinnkjøp HF, ikkje det enkelte sjukehuset. 
  • Under ein pågåande konkurranse skal du bruke kontaktpersonen som står i konkurransegrunnlaget. 

Sals- og informasjonsmøte med tilsette under ein pågåande konkurranse kan bryte reglane om lik behandling av leverandørane 

 

Under ein pågåande konkurranse kan sals- og informasjonsmøte med tilsette bryte reglane om likebehandling. Bruk oppgitt kontaktperson i konkurransen.
Sist oppdatert 20.11.2026