Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Diagram
For leverandørar

03 Elektronisk samhandling

Les om elektroniske katalogar, bestillingar, ordrestadfestingar og fakturaer.

Tilbake til hovudsida for leverandørar

Helse Vest utvekslar katalogar, bestillingar, ordrestadfestingar og fakturaer elektronisk. Her ser du kva leverandøren må ha på plass, og korleis den elektroniske samhandlinga blir innført. 

 

Dette må leverandøren kunne 

Er du leverandør til eit føretak i Helse Vest, skal du sende faktura elektronisk i EHF-format.  

Leverandørar med avtale skal i tillegg kunne: 

  • levere elektroniske produktkatalogar 
  • ta imot elektroniske bestillingar 
  • sende elektroniske ordrestadfestingar 

Katalog, ordre og ordrestadfesting skal utvekslast i EHF- eller Peppol-format. 

 

Elektronisk samhandlingsavtale

Avtalen om elektronisk samhandling er eit vedlegg til avtalane som er inngåtte med Helse Vest. Han skal avklare: 

  • kva dokument partane skal utveksle 
  • kva informasjon dokumenta skal innehalde 
  • korleis informasjonsflyten skal fungere 
  • kven som har ansvar for kva 
  • kva fristar som gjeld 

Avtalen omfattar faktura, katalog, inkludert punchout, bestilling og ordrestadfesting. 

 

Korleis kome i gang med elektronisk handel 

For å kunne samarbeide elektronisk må du som leverandør: 

  • ha ei løysing for verksemdsstyring som støttar utveksling av EHF- eller Peppol-dokument 
  • vere tilknytt eit tilgangspunkt i Peppol-nettverket 
  • vere registrert i ELMA-registeret, eller eit anna SMP-register, med støtte for dei aktuelle meldingstypane 

Helse Vest innfører bestilling, ordrestadfesting og katalog i samarbeid med den enkelte leverandøren. Dette skjer vanlegvis når ein ny avtale blir teken i bruk. 

 

Når du får ei bestilling 

Du skal stadfeste: 

  • om du kan levere bestillinga 
  • når bestillinga blir levert 
  • eventuelle endringar eller avvik 

Ordrestadfestinga skal vise til bestillingsnummeret. Ho skal fortrinnsvis sendast elektronisk i EHF-format. 

Manglar du bestillingsnummer, må du kontakte personen eller avdelinga som sende bestillinga 

 

Katalog og masterdata 

Sjukehusa kan først bestille eit produkt når produktinformasjonen er lagd inn i innkjøpssystema. Informasjonen blir lagd inn gjennom katalogen som leverandøren leverer.  

Krava til innhald, format og oppdatering av katalogen er like for alle dei fire helseregionane. Krava står i dei nasjonale logistikkbetingelsane.

  

Treng du hjelp? 

Har du spørsmål om EHF eller elektronisk samhandling, kan du sende e-post til ehandel@helse-vest-ikt.no.

Sist oppdatert 20.11.2026