Alle fakturaer til føretaka i Helse Vest skal sendast elektronisk i EHF-format. Korrekt merking av fakturaen er avgjerande for rask behandling og betaling.
Fakturaadresser og kontaktinformasjon
EHF-adressa består av ICD-nummeret for Noreg, 0192, og organisasjonsnummeret til føretaket. Send fakturaen til rett føretak med organisasjonsnummer og EHF-adresse. Feil adresse gir forseinking.
Er du usikker på kven som er mottakar, må du sjå bestillinga eller kontakte kjøparen.
Dette må fakturaen innehalde
Fakturaar må vere i samsvar med krava i «Bokføringsforskriften, §5-1-1. Salgsdokumentets innhold» og i tillegg innehalde kundens bestillingsnummer, avtalenummer og namn på kundens bestillar eller avdeling.
For å sikre rask behandling av mottekne fakturaar og at betaling skjer i tide, er det viktig at formelle krav er oppfylte, samt at merkinga er presis.
Dette inneberer konkret at:
- Fakturaen må vere merkt med det bestillingsnummeret som du som leverandør har motteke frå ein bestillar eller bestillande avdeling. Dette må brukast som fakturareferanse. Nummeret skal leggjast i XML-feltet "OrderReference/ID" (berre tallteikn). Dette gjer det mogleg for fakturasystemet vårt automatisk å kontrollere fakturaen mot (godkjend) bestilling og overføre til utbetaling etter gitte reglar.
- Det skal i tillegg bli vist til ordrelinjer frå ordren i feltet "InvoiceLine/OrderLineReference/LineID" på fakturaen. Her er det viktig at det blir nytta same linjenummer som på ordren frå Helse Vest. Dette gjer det mogleg for fakturasystemet vårt å automatisk knyte fakturaen mot korrekte ordrelinjer.
Fakturavedlegg
Du treng ikkje leggje ved ein kopi av fakturaen når EHF-fila inneheld all nødvendig informasjon.
Legg ved utfyllande dokumentasjon når det er nødvendig, til dømes:
- timelister
- teikningar
- annan dokumentasjon som høyrer til fakturaen
Helse Vest ønskjer primært vedlegga som innebygde PDF-filer. Dei skal merkast«commercial invoice», slik implementeringsrettleiaren viser.
Avgrens personopplysningar
Avgrens sensitiv informasjon på fakturaen og i vedlegga. Opplysningane bør anonymiserast så langt det er mogleg, slik at namn og fødselsnummer ikkje går fram av fakturaen eller vedlegga
Send éin faktura per bestilling
For å sikre automatisk kontroll mellom bestilling, varemottak og faktura skal du sende:
- Éin faktura per bestilling
- Éi kreditnota dersom korrigering er nødvendig
Delbetalingar blir normalt ikkje behandla.
Vanlege feil som medfører lengre behandlingstid er:
- Manglande bestillingsnummer
- Feil organisasjonsnummer
- Feil fakturamottakar
- Avvik mellom faktura og mottatt vare
- Feil beløp
- Manglande dokumentasjon
