Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe mennesker som står sammen

Godkjent: 06.05.2015 - rev. januar 2026 (layout)

HMS-strategi for føretaksgruppa i Helse Vest

Vi i føretaksgruppa Helse Vest, heretter kalla Helse Vest, har ansvar for å yte  spesialisthelsetenester til befolkninga på Vestlandet. Føretaksgruppa Helse Vest består av Helse Førde HF, Helse Bergen HF, Helse Fonna HF, Helse Stavanger HF, Sjukehusapoteka Vest HF, Helse Vest IKT og Helse Vest RHF.

HMS-strategien legg verdiane våre og gjeldande lov- og regelverk til grunn. 

Verksemda vår skal vere kjenneteikna av høg HMS-standard. HMS-strategien gjeld for alle medarbeidarar i Helse Vest. Dette omfattar også dei som utfører oppdrag på vegner av helseføretaka eller Helse Vest IKT AS.

 

HMS-arbeid er å skape en trygg, sikker og triveleg arbeidsdag.
Definisjon av HMS

 

1.0 Vi som arbeider i Helse Vest

Vi skal kjenne verdiane til Helse Vest og leggje dei til grunn for arbeidet vårt.
I Helse Vest melder vi frå om uønskte hendingar og avvik til leiaren, og vi registrerer dei i avviksystemet Synergi. Teieplikta er ikkje eit hinder for å melde frå om forsømingar og andre uhaldbare eller lovstridige forhold.

Visjon

Helse Vest skal vere leiande innanfor HMS-arbeid, og alle skal prioritere førebygging. Føretaka i Helse Vest skal vere blant dei fremste innan offentleg eigde verksemder på systematisk førebyggjande HMS-arbeid.

HMS skal vere ein sjølvsagt del av arbeidsdagen. 

I Helse Vest skal vi ha brukarvennlege system, som skal vere lett tilgjengeleg for leiarar og medarbeidarar. Leiarar og medarbeidarar involverer seg og har høg merksemd for å unngå uønskte hendingar, skadar, vald og truslar.

 

1.1 Mål for HMS-arbeidet

  • Vi skal prioritere førebyggjande arbeid innanfor helse, miljø og sikkerheit.
  • Vi skal utvikle ein haldning der helse, miljø og sikkerheit skal vere ein integrert del av kvardagen, med klare roller og ansvar.
  • Vi har ein kultur der HMS og pasienttryggleik er ein del av same sak, der begge til saman bidrar til ein god HMS-kultur og god pasienttryggleik, og speglar kvalitetskulturen i føretaksgruppa.
  • Vi skal ha eit arbeidsmiljø som er prega av tryggleik og respekt. Som medarbeidarar i føretaksgruppa Helse Vest skal vi bidra til eit godt arbeidsmiljø og behandle kollegaene våre med respekt og omtanke.
  • Vi skal gi leiarar og medarbeidarar god opplæring i HMS-arbeidet. Vi skal ha 
    brukarvennlege HMS-system.
  • Vi skal ha ein HMS-strategi som skal vere til hjelp for leiarar og medarbeidarar på alle nivå, når dei skal setje eigne mål og lage eigne handlingsplanar.
  • Vi legg vekt på engasjement og medverknad der alle ser, som ein viktig del av ein større heilskap, som bidrar til kva vi sjølve kan gjere, og korleis vi kan oppnå eit betre arbeidsmiljø.


1.2 Helseføretaka sitt ansvar

Arbeidsmiljølova pålegg arbeidsgivar mellom anna å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon, og som gir full tryggheit mot fysiske og psykiske skadeverknadar. Leiarar og medarbeidarar bidrar til medverknad.

Leiar kan ikkje delegere HMS-ansvaret!


1.3 Rapporterings- og varslingsplikt

Vi pliktar å melde frå til arbeidsgivaren om forhold vi blir kjende med, som kan påføre pasientar, arbeidsgivar, medarbeidarar eller omgivnadene tap eller skade. På den måten kan vi setje i verk tiltak for å unngå eller avgrense tapet eller skaden.

En gruppe mennesker som står på rekke

Dersom vi oppdagar svikt i tenestene eller i behandlinga og pleia av pasientar, pliktar vi å ta det opp med den nærmaste overordna, og elles følgje dei etablerte rutinane som gjeld for melding om avvik eller hendingar.

Vi skal følgje reglane om plikt til avhald. Bruk av alkohol eller andre rusmiddel er ein trussel for kvaliteten på arbeidet som skal utførast, for pasientbehandlinga og tryggleiken mellom kollegaer. Vi skal varsle nærmaste overordna dersom vi oppdagar at ein kollega er påverka av alkohol eller andre rusmiddel i arbeidstida.
Mobbing eller trakassering av kollegaer skal ikkje skje. Vi pliktar å melde frå til leiar eller verneombod om kollegaer blir utsette for trakassering eller diskriminering.


1.4 Medarbeidaren sitt ansvar

  • Samarbeide med leiinga i helseføretaket om arbeidsmiljø- og sikkerheitstiltak.
  • Følgje rutinar og reglar.
  • Bruke verneutstyr som er tilgjengeleg.
  • Følgje nødvendig opplæring.

Arbeidsmiljølova føresett eit medverknadsansvar. Vi stiller oss ikkje på sida av prosessar og tiltak.

 

1.5 Suksesskriterier for å nå måla

  • Vi prioriterer førebyggjande HMS-arbeid
  • God leiarforankring på alle nivå i organisasjonen
  • Enkelt og konkret  HMS-system
  • Alle har tilgang til PC og tilstrekkelege datakunnskap
  • HMS-systemet er kjend og blir brukt av medarbeidarar og leiarar på alle nivå 
  • Klar informasjon om ansvar, myndigheit og oppgåver
  • Gode og lett tilgjengelege elektroniske dokumentstyringssystem
  • Systemet er til ein kvar tid oppdatert
  • Avvik og uønskte hendingar blir melde, og brukt til systematisk forbetringsarbeid
  • God medverknad frå vernetenesta
  • God opplæring for alle medarbeidarane, spesielt linjeleiinga og verneomboda
  • Riktig kompetanse hos HMS-personalet og vernetenesta

 

2.0 Roller i HMS-arbeidet

Arbeidsmiljøutval (AMU)

Eit utval samansett av arbeidsgivar- og arbeidstakarrepresentantar, med like mange representantar frå kvar. Behandlar viktige og prinsipielle arbeidsmiljøsaker. (Helseføretaka har organisert AMU/HMS i verksemda, slik at det også er etablert klinikk- eller divisjons-AMU).

Et diagram av en celle

Hovudverneombodogverneombod

Medarbeidarane i føretaket vel eller peiker dei ut. Arbeider med arbeidsforhold for alle medarbeidarar i alle yrkesgrupper. Det er eit føretakshovudverneombod, klinikk- eller divisjonshovudverneombod, og derunder verneombod på dei aller fleste einingane.

HMS-einingane/bedriftshelseteneste

Rådgivande i arbeidsmiljøspørsmål, som er i kvart føretak.

HMS-rådet

  • ådgivandeiHelseVestiHMS-spørsmål
  • representantarfrå vernetenesta og HMS-einingane

 

2.1 HMS-møtestadar

For å styrke det førebyggjande HMS-arbeidet,

  • er HMS fast tema i alle styremøte
  • er HMS ein naturleg og integrert del i avdelingsmøte på alle nivå
  • er HMS ein integrert del av arbeidsdagen
  • blir det gjennomført vernerundar i alle einingar
  • blir alle uønskte hendingar og nesten-hendingar melde i avvikssysteme

 

3.0 Føretaksgruppa Helse Vest

Regional forankring

For å styrke HMS-arbeidet i føretaksgruppa, er det behov for at det regionale helseføretaket (RHF-et) får tilstrekkeleg dialog. På den måten kan RHF-et gi råd, bidra til å løfte fram tema og leggje føringar for mål og innsatsområde for HF-a. I tillegg kan RHF-et bidra til å utvikle felles HMS-strategi og system.

Konsernhovudverneombodet

Konsernhovudverneombodet har ansvar for å koordinere føretakshovudverneomboda si medverknad opp mot Helse Vest RHF.

Oppgåver for HMS-rådet i Helse Vest

  • forslag til føringar i samsvar med HMS-måla
  • HMS-system
  • HMS-undersøkingar
  • prosjekt
  • felles opplæring
  • erfaringsoverføring
  • felles indikatorar og rapportering


3.1 Viktige områder for opplæring innan HMS

Diagram
  • Psykososiale tema
  • Ergonomi/forflytningsteknikk
  • Handtering av vald og truslar
  • Kjemikaliehandtering
  • Smittevern
  • Brannvern

 

 

4.0 HMS-systemet

HMS-systemet følger oppbygginga i HMS-forskrifta. Internkontroll inneberer at verksemda skal

  • sørgje for at lover og forskrifter i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga, som gjeld for verksemda, er tilgjengeleg, og ha oversikt over dei krav som er av særleg viktigheit for verksemda
  • sørgje for at medarbeidarane har tilstrekkeleg kunnskapar og ferdigheiter i det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet, inkludert informasjon om endringar
  • sørgje for at medarbeidarane medverkar slik at samla kunnskap og erfaring utnyttast
  • fastsette mål for helse, miljø og sikkerheit
  • ha oversikt over organisasjonen, inkludert korleis ansvar, oppgåver og myndigheit for arbeidet med helse, miljø og sikkerheit er fordelt
  • kartleggje farar og problem, vurdere risiko, og utarbeide tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikoforholda
  • sette i verk rutinar, for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på krav fastsett i, eller i medhald av, helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga
  • foreta systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen, for å sikre at den fungerer som føresett

Vi byggjer ein trygg, sikker og triveleg arbeidsdag gjennom å

  • førebyggje
  • bruke hjelpemidlar, verneutstyr og gjennomgå HMS-opplæring
  • lære av uønskte hendingar

Avvik og uønskte hendingar

  • Rapportering av avvik og uønskte hendingar er eit viktig ledd i det førebyggjande HMS-arbeidet.
  • Den enkelte medarbeidar skal oppleve at vi verdsett ein god meldekultur.
En gruppe mennesker som står sammen

 

Sist oppdatert 15.04.2026