Helse Vest RHF skal vere miljøleiande i rolla som eigar av helseføretak.
Ved å ha miljøbevisste medarbeidarar skal vi gå føre som eit godt døme for å redusere negativ miljøpåverknad frå oppgåvene vi gjer.
Det skal vere merksemd i heile organisasjonen på kontinuerlig forbetring i miljøarbeid innanfor alle aktivitetar som vi utfører og initierer som eigar av helseføretak.
Vi skal gjennom vår rolle ha fokusere på at miljøomsyn blir ivaretekne i alle prosjekt som blir utvikla og sett i gang i helseregionen.