logo Helse Vest

Nøkkeltal

Dette er tala for 2023.

Folketal per 1. januar 2023 (SSB)

  • Helse Stavanger: 381 909
  • Helse Fonna: 182 735
  • Helse Bergen: 465 156
  • Helse Førde: 108 755

Sjukehus og institusjonar

Vi har kring 50 sjukehus og institusjonar som gir helsetenester til 1,1 millionar innbyggjarar.

Medarbeidarar

Føretaksgruppa Helse Vest har om lag  29 000 medarbeidarar.

Drift

I år vil sjukehusdrifta på Vestlandet koste om lag 30 milliardar kroner.

Resultat og investeringar

  • Resultatet for føretaksgruppa for 2019 viser eit overskot på til saman
    662 millionar kroner.
  • Resultatet for Helse Vest RHF viser eit overskot på
    585 millionar kroner.
  • Samla investeringar til føretaksgruppa for 2019 var på totalt
    3 046 millionar kroner.
  • Investeringane fordeler seg med:
    • 308 millionar kroner til medisinteknisk utstyr
    • 176 millionar kroner til transportmiddel, inventar og utstyr
    • 2 223 millionar kroner til tomter, bustader, bygningar og anlegg under utføring.
  • I tillegg er det investert i lisensar og programvare i tillegg til prosjekt under utvikling på til saman 340 millionar kroner.

Avtalar med private

Helse Vest RHF har inngått langsiktige avtalar med ei rekkje private leverandørar.

Per 31. desember 2019 har Helse Vest driftsavtalar med 271 privatpraktiserande spesialistar, innanfor somatikk og psykisk helsevern. Desse fekk driftstilskot frå Helse Vest RHF.

I tillegg hadde det regionale helseføretaket driftsavtale med sju private ideelle sjukehus og institusjonar innanfor somatikk og psykiatri, åtte private rusinstitusjonar og åtte private rehabiliteringsinstitusjonar i vår region, og private leverandørar innanfor kirurgi, røntgen og laboratorium.

Pasient- og brukarorganisasjonar

Helse Vest fordeler midlar til pasient- og brukarorganisasjonane for å støtte det viktige informasjons- og hjelpearbeidet desse gjer for medlemmene. I 2019 fekk over 100 pasient- og brukarorganisasjonar 10,5 millionar kroner til fordeling frå Helse Vest.

Innovasjon

Årleg bruk av midlar til innovasjon er fast, både i prosjektporteføljen og i stimuleringsmidlar gitt til helseføretaka.

70-80 millionar kroner av innsatsen i porteføljen årleg kan definerast som innovativt arbeid.

I 2019 var det også sett av nærmare 10 millionar kroner i Helse Vest for å stimulere til konkrete innovasjonsprosjekt lokalt i helseføretaka, i tillegg til satsinga i dei enkelte verksemdene.

Likestilling

75 prosent av medarbeidarane ved sjukehusa og institusjonane i helseregionen er kvinner. I enkelte yrkesgrupper er kvinnedelen spesielt stor, mellom anna blant sjukepleiarar, hjelpepleiarar og reinhaldspersonale.

Blant legar er fordelinga 50 prosent menn og 50 prosent kvinner.

Styra i føretaksgruppa Helse Vest er sett saman med ei fordeling på 49 prosent kvinner og 51 prosent menn. Delen av kvinnelege leiarar i føretaksgruppa er 67 prosent.

Når det gjeld toppleiarar er det ei fordeling på 46 prosent kvinner og  54 prosent menn. Det er eit mål for føretaksgruppa i Helse Vest at medarbeidarane skal spegle befolkninga, og dermed at 6 til 10 prosent skal ha innvandrarbakgrunn.

Tal frå 2019 viser om lag 20 prosent av medarbeidarane i sjukehusa er ikkje-norske statsborgarar. Helse Vest legg til rette for likestilling, sikre like moglegheiter og rettar og å hindre diskriminering. Leiarar på alle nivå har eit særskilt ansvar for at likestillingslova og diskrimineringslova blir følgd.

Forsking

På bakgrunn av registrert forskingsproduksjon, blei Helse Vest i 2018 tildelt 126 millionar kroner i statleg tilskot til forsking og utvikling. I tillegg har Helse Vest avsett 57 millionar kroner frå eiga ramme, slik at den totale forskingsramma for 2019 var på 183 millionar kroner.

Helseføretaka rapporterer årleg på kostnadar til forsking og utvikling. For 2019 er det rapportert brukt 729 millionar kroner til forsking og 137 millionar kroner til utvikling, mot  664 millionar kroner og 155 millionar kroner i 2018.

508 årsverk er brukt til forsking og 89 årsverk til utvikling i 2019 mot tilsvarande 468 årsverk til forsking og 108 årsverk til utvikling i 2018.

Sist oppdatert 13.04.2023