Innsatsområde 1: Oversikt over eigne data
Målbilete: Vi har beskrive kva data vi har, kvar dei er, kva dei kan brukast til og korleis dei kan delast på ein sikker og effektiv måte

Foto: Colourbox
Godt forvalta og søkbar teneste
Helse Vest har ei godt forvalta og søkbar oversikt over eigne data. Vi kjenner til kva data som finst, korleis dei kan brukast, kvar dei er lagra, kva som er autorativ kjelde og kven som eig dei. Det er lett å vite kva data som blir brukte til ulike formål og kven som har tilgang til dei. Oversikta er lett å finne og bruke for alle som treng henne.
Støtte til deling og arkitektur
Kunnskapen vi har om eigne data gjer det enklare for Helse Vest å dele data. Oversikt over eigne data gjer det enklare å byggje god informasjonsarkitektur og støtte samanhengande helsetenester fordi vi veit kvar vi har kva data og korleis dei er lagra. Sidan kvaliteten og konteksten til dataa våre er kjend kan data brukast trygt til mange ulike formål som forsking, avgjerdsstøtte og kunstig intelligens.
Støtte til tryggleik og kontroll
Arbeid med informasjonstryggleik og personvern er forenkla gjennom å ha oversikt over eigne data. Sikring og kontrolltiltak kan fokuserast på data som er sensitive og vi har openheit om kva som kan delast.
KVA KAN VI GJERE?
- Peike ut roller med ansvar for sentrale datadomene og byggje kompetanse om korleis data med tilhøyrande metadata skal dokumenterast.
- Stegvis utarbeide oversikter over eigne data for dei sentrale datadomena
- Kartleggje ulike behov som skal svarast ut i ei oversikt over eigne data.
- Innføre ein felles datakatalog som verktøy for å halde oversikt over og leita forvaltninga av eigne data. Verktøyet må vere brukarvennleg.

NYTTE
Effektiv bruk av data
Når vi har oversikt over kva data vi har, og kva dei betyr, kan vi bruke dataa på ein meir effektiv måte. Dette er spesielt viktig når vi skal bruke data til analyse, forsking, avgjerdsstøtte eller kunstig intelligens.
Utan god informasjon om kontekst og kvalitet, risikerer vi å ta avgjerder basert på feil eller ufullstendige data.
Ved å gjere det enkelt å finne og forstå dataa vi har, får vi eit betre grunnlag for datadrivne avgjerder.
Døme
Forskingsprosjektet NeoBeat trong data frå fleire fagsystem og hadde behov for å sjå utvikling gjennom ein tidsperiode på 10 år.
Ein analytikar i Helse Stavanger hadde god kunnskap om datasett i Sensitivt Datavarehus. Ho informerte NeoBeat om at dei nødvendige dataa allereie var tilgjengelege og prosjektet fekk hjelp til samanstilling. Dette sparte mykje tid.
Med ei godt dokumentert oversikt og gode beskrivingar av dataa våre kan vi raskare finne relevante data og bruke dei på rett måte.

RISIKO
Hinder for effektivitet
Når vi ikkje har god nok oversikt over kva datakjelder vi har, korleis dataa er strukturert og kven som eig dataa, blir det vanskeleg og tidkrevjande å kople saman ulike system.
Når vi ikkje veit kvar dataa er og korleis dei kan brukast, får vi ikkje til god nok gjenbruk. Gjenbruk av data er viktig for å sikre konsistente data og redusere registreringsbelastning.
Døme
I eit integrasjonsprosjekt var det behov for å finne og ha tilgang til spesifikke data som skulle mogleggjere ønskt funksjonalitet i ei løysing. Sidan det mangla gode nok oversikter over dataa, brukte prosjektet uforholdsmessig lang tid på å finne ut kvar dataa var tilgjengelege.
For å finne fram til dataa, måtte det setjast opp møte med forvaltarar og leverandørar av fleire fagsystem. Det kravde omfattande dialog og avklaringar før dei rette dataa var identifiserte og gjorde tilgjengelege. Dette førte til unødvendig bruk av tid og ressursar.
Innsatsområde
