Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Regional tiltaksplan

01. Redusere uønskt variasjon og overdiagnostikk

I Noreg har vi eit mål om at innbyggjarane skal ha et likeverdig tilbod av helsetenester, uansett kvar dei bur.

Det er òg stor einigheit om at all utgreiing, diagnostisering og behandling skal vere basert på kunnskap og felles retningslinjer. Likevel viser undersøkingar at det er variasjon i både kvaliteten på pasientbehandlinga og forbruket av helsetenestene.

Overbehandling og overdiagnostikk har vore tema for diskusjonar og satsingar over lengre tid, men no er vi betre stilte enn nokon gong når det kjem til å identifisere utfordringane. Verktøy som kvalitetsregister, Helseatlas og felles fagsystem gjer det enklare å hente inn og analysere data. Helse Vest har jobba mykje med uønskt variasjon, blant anna innanfor ortopedi og radiologi, og vil nytte kunnskapen og erfaringane hefra til å forbetre fleire fagområde. Det er samtidig HF-a som er i førarsetet når det kjem til utforming og gjennomføring av tiltaka for å redusere uønskt variasjon

Tiltak

  • Utarbeide ei heilskapleg oversikt over uønskte variasjonar i tenestene i Helse Vest

  • Utarbeide forslag til tiltak for å redusere den uønskte variasjonen 

  • Gjennomføre tiltak for å redusere den uønskte variasjonen

  • Evaluere og korrigere tiltaka

Effektmål

  • Likeverdig kvalitet i heile regionen

  • Reduksjon av overdiagnostikk og overbehandling

  • Redusere unødvendige pasientskadar

Indikatorar

  • Tal for variasjon i regionen

  • Tal for avvik frå anbefalingar

  • Tal for pasientskadar

Indikatorane er under utvikling, og blir ytterlegare konkretiserte i forbindelse med oppstart og gjennomføring av tiltaket.

Involverte aktørar

  • Dei lokale helseføretaka

  • Private aktørar

Avhengigheiter, styringsdokument og tilgrensande satsingar og aktivitetar

Gjennom oppdragsdokumentet er Helse Vest RHF bedne om å kartleggje variasjon i bruk av laboratorie-, bilde- og radiologitenester, og setje inn tiltak for å redusere overforbruk av desse tenestene.

En mann med briller

Tiltakseier

Panchakulasingam Kandiah
Assissterende fagdirektør i Helse Vest RHF

Tiltak og initiativ under oppstart og gjennomføring

    Sist oppdatert 03.04.2024