Regional tiltaksplan
10. Bruk av kunstig intelligens
Det går føre seg ei rivande utvikling innanfor kunstig intelligens (KI) og helsetenester. Eksempel på det er bruken av KI-assistert robotkirurgi, automatisering av klinisk leiing og arbeidsflyt og identifisering av deltakarar i kliniske studiar.
Ein annan trend er bruken av KI-drivne virtuelle assistentar, som kan kommunisere med innbyggjarar og pasientar. Og berre i løpet av få månader har bruken av KI til både innhaldsproduksjon og programmering av nye løysingar gått frå å vere ein framtidsvisjon til å bli noko daglegdags. Det kan bidra til å auke effektiviteten og redusere kostnadane ved helsetenester.
I tillegg til fordelane KI kan gi, bringer det òg med seg ei rekkje utfordringar. Ei uro er at KI kan gi feil eller gi falske svar, noko som kan vera spesielt farleg i medisinske scenario. Det er òg viktig å ta omsyn til utfordringar rundt nøyaktigheit og tryggleik. Og sjølv om fleire av KI-tenestene ikkje tek betalt i kroner og øre, så samlar og brukar leverandørane dataene vi legg inn. Vi må derfor vere bevisste på kva vi brukar KI til, korleis vi brukar han og kva vi må gjere for å sikre tryggleiken til pasientane og medarbeidarane våre.
Tiltak
-
Kartleggje tilgjengeleg teknologi og moglege gevinstar
-
Peike ut satsingsområde
-
Utforme retningslinjer for bruk av KI i Helse Vest
Effektmål
-
Betre pasientopplevingar
-
Auke informasjonssikkerheita og pasienttryggleiken
-
Frigjere ressursar til pasientretta verksemd
Indikatorar
Indiktorane er under utarbeiding.
Avhengigheiter, styringsdokument og tilgrensande satsingar og aktivitetar
Arbeidet med trygg bruk av kunstig intelligens må koordinerast med ei rekkje tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt. Arbeidet må og ha relasjon til den raske teknologiske utviklinga internasjonalt.
Det er ei rekkje pågåande prosjekt i Helse Vest i regi av Helse Vest IKT og helseføretaka. Av desse kan særleg arbeidet knytt til Mohn Medical Imaging and Visualization Centre nemnast.
Involverte aktørar
-
Dei lokale helseføretaka
-
Helse Sør-Øst RHF, Helse Midt-Norge RHF og Helse Nord RHF
-
Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse
-
Statens legemiddelverk, Helsetilsynet, Folkehelseinstituttet
-
Kommunesektorens organisasjon (KS)
Tiltakseigar
Erik M. Hansen
Direktør for e-helse