logo Helse Vest

Regional tiltaksplan

07. Vegkart for ikkje-medisinske tenester

Det er anskaffa ei omfattande programvare, SAP, der alle føretaka i Helse Vest brukar løysingar for innkjøp, varelogistikk, rekneskap og rapportering.

Denne solide grunnmuren utgjer delar av programvaren Helse Vest har anskaffa. Det er behov for å utarbeide ein felles plan for dei nærmaste åra. Planen må innehalde overordna retning for LIBRA-porteføljen, teknologisk retning for det som i dag er omfatta av LIBRA og vurderingar av moglegheiter for utviding til fleire logistikkområde.  

Tiltak

Utvikle eit vegkart der vi blant anna skal

  • skildre overordna retning for dagens LIBRA  

  • avklare moglegheitene for utvida bruk av SAP (programvare for forretningsprosessar) 

  • skildre relevante teknologiar og mogleg bruk av desse, deriblant kunstig intelligens (KI) 

  • skildre effektiv handtering av stegvise forbetringar

Effektmål

  • Rett prioritering og raskare gjennomføring av tiltak innanfor ikkje-medisinske tenester

  • Redusert tidsbruk på forvalting og manuelle oppgåver

  • Kvart av tiltaka i vegkartet vil ha eigne effektmål knytte til lågare ressursbruk og betre brukaropplevingar.

Indikatorar

  • Graden av digitalisering og robotisering av manuelle oppgåver

  • Tid brukt på forvalting av masterdata

  • Talet på integrasjonar under forvalting

Indikatorane er under utvikling, og blir ytterlegare konkretiserte i forbindelse med oppstart og gjennomføring av tiltaket.

Avhengigheiter, styringsdokument og tilgrensande satsingar og aktivitetar

  •  Ny styringsstrukur for digitalisering i Helse Vest

  • Anskaffing av IT-system innanfor tilgrensande områd

Involverte aktørar

  • Dei lokale helseføretaka

Mann i dress, smiler. Foto.

Tiltakseigar

Per Karlsen

Økonomidirektør

Tiltak og initiativ under oppstart og gjennomføring

    Sist oppdatert 03.04.2024