logo Helse Vest

Regional tiltaksplan

08. Etablere sentral løysing for lager og forsyning

Helse Vest RHF har etablert lager for beredskapsvarer og sortimentet er utvida på grunn av forsyningsutfordringar. Helse Vest Forsyningssenter er etablert og varesortimentet skal utvidast.

Tiltak

  • Helse Vest vil i 2023 ta initiativ til å greie ut større grad av regional samordning av tenestene innanfor innkjøp og forsyning med tanke på sikre effektiv ressursbruk, men og å sikre beredskap, kvalitet, kompetanse og bemanning innanfor områda.

  • Etablere Helse Vest Forsyningssenter med komplett varesortimentet (rundt 4000 varer) og forsyningskonsept. Arbeidsdeling og roller innanfor innkjøp vil inngå som del av arbeidet.

Effektmål

  • Sikre forsyning av kritiske varer til helseføretaka

  • Ivareta rullering av Helse Vest si forplikting og ansvar for permanent nasjonalt beredskapslager 

  • Betre oppfølging av avtaleleverandørane 

  • Betre behovsgrunnlag ved anskaffingar

 

Indikatorar

  • Talet på transportar av varer til sentrallagera i føretaka (reduksjon)

  • Tal for arealbruk i sentrallagera i føretaka (reduksjon)

  • Tidsbruk knytt til fordeling av varer mellom føretaka ved forsyningsutfordringar (reduksjon)

  • Tal på varesortimentet i det sentrale forsyningssenteret 

Indikatorane er under utvikling, og blir ytterlegare konkretiserte i forbindelse med oppstart og gjennomføring av tiltaket.

Avhengigheiter, styringsdokument og tilgrensande satsingar og aktivitetar

Plan for etablering av permanent nasjonalt beredskapslager

Handlingsplan for LIBRA styringsmodell 

Involverte aktørar

  • Dei lokale helseføretaka

  • Sjukehusinnkjøp HF

  • Eksterne driftsoperatørar

Mann i dress, smiler. Foto.

Tiltakseigar

Per Karlsen

Økonomidirektør

Tiltak og initiativ under oppstart og gjennomføring

Sist oppdatert 03.04.2024