Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Regional tiltaksplan

09. Greie ut sentrale løysingar for rekneskap og løn

Etter innføringa av LIBRA er den tekniske grunnmuren for å samordne ikkje-medisinske tenester i stor grad på plass. Mange samordningsgevinstar er i ferd med å bli realiserte.

Fleire fagmiljø er små og sårbare, men felles system og arbeidsprosessar gjer det no mogleg å yte tenester på tvers av føretaksgrensene i regionen. Grunnlaget for rekruttering av fagfolk er samtidig langt større når ein kan vise til eit miljø som har heile den regionale helseregionen som nedslagsfelt. Større fagmiljø og eventuell endra organisering gjer òg at vi kan betre kvaliteten og effektiviteten.

Tiltak

  • Greie ut meir regional samordning av tenestene innanfor rekneskap og løn 

Effektmål

  • Stabil og kompetent bemanning

  • Høgare beredskap og kvalitet

  • Effektiv ressursbruk

Indikatorar

  • Talet på turnover i bemanninga

  • Talet på automatiserte arbeidsprosessar og reduksjon i tidsbruk på manuelle oppgåver

  • Omfanget av samhandling og relevant arbeidsdeling på tvers av føretaka

Indikatorane er under utvikling, og blir ytterlegare konkretiserte i forbindelse med oppstart og gjennomføring av tiltaket.

Avhengigheiter, styringsdokument og tilgrensande satsingar og aktivitetar

  • Ny styringsstruktur for digitalisering i Helse Vest 

  • LIBRA- og MOT-porteføljen

Involverte aktørar

  • Økonomiorganisasjonane og ansvarlege for lønstenestene i regionen og dei lokale føretaka

Mann i dress, smiler. Foto.

Tiltakseigar

Per Karlsen

Økonomidirektør

Tiltak og initiativ under oppstart og gjennomføring

    Sist oppdatert 03.04.2024