logo Helse Vest

Regional fagplan

Regional plan for habilitering og rehabilitering

Formålet med regional plan for habilitering og rehabilitering er å bidra til å nå dei følgjande overordna måla for spesialisert habilitering og rehabilitering i Helse Vest.

Kvifor denne planen?

Formålet med regional plan for habilitering og rehabilitering er å bidra til å nå dei følgjande overordna måla for spesialisert habilitering og rehabilitering i Helse Vest. :

Bakgrunn

Forskrift om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator legg ansvaret for habiliterings- og rehabiliteringstenestene på både kommunane og spesialisthelsetenesta. Denne planen legg til grunn nasjonale føringar som rettleiar for rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator. I oppfølginga av planen må helseføretaka samarbeide med kommunane og samordne arbeidet gjennom helsefellesskapa.

Regional plan for habilitering og rehabilitering er ei oppdatering av den tidligare planen (2016-2020), og det vidare arbeidet blir nå målretta mot dei viktigaste tiltaka. Den oppdaterte planen blei vedtatt av styret i Helse Vest RHF 30. september 2021. Styra i helseføretaka og Regionalt brukarutval har slutta seg til planen. 

Forskrift om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator 

Forskrift om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator (lenke) legg ansvaret for habiliterings- og rehabiliteringstenestene på både kommunane og spesialisthelsetenesta. Det er ikkje definert eit skarpt skilje mellom forvaltningsnivåa. Følgjande går fram av § 1: 
«Formålet med forskriften er å sikre at personer som har behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering, tilbys og ytes tjenester som kan bidra til stimulering av egen læring, motivasjon, økt funksjons- og mestringsevne, likeverdighet og deltakelse. Formålet er også å styrke samhandlingen mellom tjenesteyter og pasient og bruker og eventuelt pårørende, og mellom tjenesteytere og etater innen et forvaltningsnivå eller på tvers av forvaltningsnivåene.
Forskriften skal videre sikre at tjenestene tilbys og ytes1. ut fra et pasient- og brukerperspektiv,2. i eller nærmest mulig pasientens og brukerens vante miljø,3. samordnet, tverrfaglig og planmessig,4. i en for pasientens og brukerens meningsfylt sammenheng

Nasjonale rettleiarar, -retningslinjer og planar

Døme på sentrale føringar for habiliterings- og rehabiliteringstenestene:

  • Nasjonal rettleiar for rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator (lenke).
  • Nasjonal helse- og sykehusplan (2020-2023) (lenke): Helseføretaka og kommunane skal i fellesskap planlegge tenester, m.a. til barn og unge og til personar med fleire kroniske lidingar. Dette er pasientgrupper som også er mottakarar av habiliterings- og rehabiliteringstenester
  • Habilitering og rehabilitering skal beskrivast i dei lovpålagte samarbeidsavtalene mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, jf. nasjonal rettleiar for lovpålagte samarbeidsavtaler (lenke). Rettleiaren er under revidering.
  • Nasjonal retningslinje og pakkeforløp for hjerneslag inkluderer både akuttbehandling, rehabilitering og oppfølging i spesialisthelsetenesta og kommunen (lenke).
  • Prioriteringsrettleiarar for fysikalsk medisin og rehabilitering (lenke), for habilitering for barn og unge (lenke) og habilitering for vaksne (lenke).
  • Felles interregionale retningslinjer for arbeidsretta behandlingstilbod i fysikalsk medisin og rehabilitering.

Oppdatering av regional plan for habilitering og rehabilitering (2016-2020)

Regional plan for habilitering og rehabilitering blei vedtatt av styret i Helse Vest i sak 101/15, med planperiode 2016-2020. Planen har blitt revidert i 2021 (jf. styresak 131/20).

Som grunnlag for oppdateringa blei status for tiltaka kartlagt i hausten 2020. Dei aller fleste tiltaka i planen (2016-2020) har karakter av eit kontinuerleg arbeid over lang tid.

Formålet med å oppdatere planen er å målrette det vidare arbeidet mot dei viktigaste tiltaka i planen. Utgreiingane i den eksisterande planen ligg framleis til grunn og dei overordna måla ligg fast.

Involvering 

Planarbeidet i 2015 involverte mange aktørar internt og eksternt (helseføretak, private ideelle, private rehabiliteringsinstitusjonar, kommunar, praksiskonsulent, brukarar mfl.). Eit planutkast var på ein brei høyringsrunde til mellom anna alle kommunane i regionen. Oppdateringa i 2021 for å spisse den vidare innsatsen i tråd med den eksisterande planen, har vore ein enklare prosess som har involvert helseføretak, privat ideell, brukarrepresentant, tillitsvalt, Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering og regionalt helseføretak.

Helse Vest legg til grunn at kommunane er involverte i samband med revideringa av utviklingsplanane i helseføretaka der også habilitering og rehabilitering bør inngå. Samarbeid om habiliterings- og rehabiliteringstenestene er inkludert i samarbeidsavtalene mellom kommunane og helseføretaka, og gjennom samarbeidet i helsefellesskapa skal kommunane og helseføretaka planlegge tenester i fellesskap.

Innsatsområde

    Sist oppdatert 10.04.2024