Ditt liv, din plan - Til deg som kan ha behov for langvarige og koordinerte tjenester
Lenke til Helsedirektoratets brosjyre om kva ein individuell plan er og korleis du kan få ein.
Regional plan for habilitering og rehabilitering
Koordinatorordninga er eit viktig verktøy for samhandling som skal sikre at pasientane får samordna tenester mens dei er på sjukehuset og ved overgangen til heimkommunen.
Ordninga følgjer av spesialisthelsetenestelova §2-5 a:
"For pasientar med behov for komplekse eller langvarige og koordinerte tenester, skal det oppnemnast ein koordinator. Koordinatoren skal sørgje for nødvendig oppfølging av den enkelte pasient, sikre samordning av tenestetilbodet i samband med institusjonsopphaldet og overfor andre tenesteytarar, samt sikre framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinatoren skal vere helsepersonell".
Til tross for langvarig og systematisk arbeid (lovpålagt sida 2012) er ordninga framleis ikkje tilstrekkeleg implementert i helseføretak på avdelingsnivå:
Ikkje tilstrekkeleg overordna prioritering
Manglande etterleving av vedtekne prosedyrar og retningslinjer
Varierande avdelingsvise retningslinjer
Varierande rutine til å identifisere pasientar med behov for koordinator
Ikkje tilstrekkeleg koordinering på tvers av avdelingar/klinikkar
Avgrensa tilrettelegging for utøving av koordinatorrolla
Det blir lagt til rette for utføring av koordinatorrolla i organiseringa av tenestene i alle avdelingar, m.a. sett av dedikerte roller som koordinator
Det ligg føre og blir implementert rutinar som sikrar samarbeid internt og på tvers av avdelingar og klinikkar
Det blir gitt systematisk informasjon/opplæring om koordinatorrollen på fleire nivå
Det er innført obligatorisk bruk av e-læringskurs om koordinator
Regionale retningslinjer for koordinator er tatt i bruk
Styrking av samarbeidet med kommunane gjennom å innarbeide den lovpålagte koordinatorrolla ved utvikling av tenestemodellar på tvers, og ved revisjon av samarbeidsavtalene mellom kommunar og helseføretak
Helse Vest initierer eit regionalt forbetringsprosjekt som m.a.
Identifiserer kvifor ordninga ikkje fungerer per i dag t.d. gjennom simulering, arbeidsprosess-kartlegging
Vurderer læringspunkt frå innføring av kreftkoordinator, t.d. dedikerte roller, ansvar, ressursar og leiarforankring
Er godt forankra i HF-a: i føretaksleiinga, habiliterings- og rehabiliteringseiningane, samhandlingseiningar og koordinerande einingar
Involverer kommunar og er forankra i helsefellesskapa
Involverer brukarar – pasientfokus
Tal for registrerte koordinatorar oppretta i avdelingane (eksisterande rapport 2003820 Rolle overfor pasient)
Del pasientar som har fått koordinator
Pasienterfaringar: undersøking om opplevd koordinerte tenester (til vurdering)
Leiar- og medarbeidarerfaringar: undersøking om opplevde endringar i koordinering av tenester ved implementert koordinator i sjukehus (til vurdering)
Lenke til Helsedirektoratets brosjyre om kva ein individuell plan er og korleis du kan få ein.