logo Helse Vest

Regional plan for habilitering og rehabilitering

Område 3: Styrke medisinsk og helsefagleg kompetanse i habilitering for barn, unge og vaksne

Til tross for at tiltaket inngår i eksisterande og tidlegare føringar har det vist seg vanskeleg å oppnå reelle forbetringar. Innanfor habilitering for barn og unge (HABU) og for vaksne (HAVO) er det særlege utfordringar knytt til små fagmiljø som er sårbare med omsyn til ressursar og nødvendig kompetanse. Tiltaket inngår derfor også som eit innsatsområde i kommande planperiode.

Konkrete mål

  • Meir robuste tenester som sikrar likeverdige og forsvarlege helsetenester
  • Fleire pasientar får diagnostisk og medisinsk vurdering av lege ved  habiliteringstenestene
  • Økt kvalitet i samarbeid med andre avdelingar ved overgang mellom ulike helsetenester og ved overgang mellom barn og vaksenalder
  • Styrka tverrfagleg tilbod

Tiltak for å nå mål

  1. Styrking av habilitering for barn, unge og vaksne blir løfta som eit prioritert område i Helse Vest, både regionalt og i kvart helseføretak, jf. oppfølging av punkt 4.1.5 Habilitering i styringsdokument 2021

  2. Helseføretaka styrker legeressursane i habiliteringstenestene

  3. Samhandling i regionalt fagnettverk for legar og andre faggrupper innanfor habilitering på tvers av helseføretaka (både HABU og HAVO, med mål om brei tverrfagleg samhandling om fagutvikling og kvalitetsforbetring)

Indikatorar på måloppnåing

Ein regional rapport for fagområdet habilitering (jf. innsatsområde 2), som inkluderer t.d.:

  • Utvikling i bemanning (tal og samansetting) ved dei ulike HAVO og HABU i Helse Vest (obs: ulik organisering)

  • Aktuelle prosedyrekoder

  • Ventetider

  • Rapportering i årleg melding om oppfølging av oppdrag i styringsdokument 2021

  • Årleg rapportering til Helse Vest frå regionale fagnettverk om resultat av arbeidet

  • Pasienterfaringar med innhald og kvalitet i tenesta

Nasjonal rettleiar - Rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator

Nasjonal rettleiar, kapittel 9.6, beskriv nærmere

  • habiliteringstjenesten for barn og unge (HABU)

  • habiliteringstjenesten for voksne (HAVO)

og mellom anna krav til kompetanse

Les meir her
helsepersonell og bamse
Sist oppdatert 11.04.2024