logo Helse Vest

Regional plan for habilitering og rehabilitering

Område 4: Tidleg start av rehabiliteringa

For å sikre tidleg start av rehabiliteringa er det behov for ytterlegare trykk på samarbeidet mellom akutt/kliniske avdelingar og spesialiserte rehabiliteringsavdelingar.

Dette er eit langsiktig arbeid som krev fokus. Arbeidet er i gang, men helseføretaka har kome ulikt langt. For rehabilitering etter covid- 19 er det viktig å tidleg fange opp pasientar med behov for rehabilitering. 

Nasjonale faglege råd for rehabilitering etter covid-19 (lenke).

Med tidleg rehabilitering, i akutt og subakutt fase, forstår vi rehabilitering som starter samtidig med eller direkte etter at pasienten har fått behandling, som oftast innan 3 månader etter alvorleg akutt skade eller sjukdom.

Konkrete mål

  • Sikre raske overgangar mellom einingar i helseføretaket

  • Klare samarbeidsrutinar og oppgåvedeling mellom akutt/kliniske avdelingar og spesialisert rehabiliteringsavdelingar.

  • Alle pasientar som treng rehabilitering får dette gjennom heile sjukehusinnlegginga

Tiltak for å nå mål

  • Helseføretaka utarbeider standardiserte pasientforløp mellom akutt/kliniske avdelingar og spesialisert rehabiliteringsavdelingar

  • Bruk av intern bistand og rettleiing frå dei spesialiserte rehabiliteringsavdelingane til andre avdelingar i sjukehuset. Større involvering av tilsynsrollen til spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering og tverrfagleg teamarbeid.

  • Følgje opp tilrådingar i nasjonal retningslinje/pakkeforløp hjerneslag og nasjonal traumeplan

Indikatorar på måloppnåing

Etablere ein regional rapport for fagområdet rehabilitering som inkluderer til dømes:

  • Målepunkt 9 som inngår i pakkeforløp for hjerneslag: Tidspunkt for tverrfagleg funksjonsvurdering for å bestemme vidare forløp, med eller utan rehabilitering.

  • Liggetid i akuttavdeling før pasienten får plass i rehabiliteringsavdeling

  • Pasientar med funn på CT eller GCS<9, skal vurderast av spesialist ved rehabiliteringseining innan 72 timer etter at pasienten har kome til akuttmottak (jf. nasjonal traumeplan)

Meir om rehabilitering etter Covid-19

Helsedirektoratets webinar om Covid-19 rehabilitering inneheld:

- Bakgrunn og prosess for utvikling av rådene

- Pasientforløp for rehabilitering av pasienter innlagt med COVID-19 i spesialisthelsetjenesten

- Målinger og bruk av standardiserte funksjonsmål

Webinar 8: Rehabilitering etter Covid-19
Ikon
Sist oppdatert 05.04.2024