logo Helse Vest

Regional plan for habilitering og rehabilitering

Område 6: Samarbeid om forsking og kunnskapsutvikling

Vidareutvikle infrastruktur for samarbeid og kunnskap, forsking og kunnskapsutvikling. For å oppnå kunnskapsbaserte og likeverdige helsetenester er det viktig å jobbe saman og målretta om felles forbetringsområde.

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering spelar ein sentral rolle i dette arbeidet. Godt forankra regionalt tverrfagleg nettverk er nyttige verkemiddel for dette.

Konkrete mål

  • Oppnå større forskingsaktivitet innan tverrfaglig habilitering og rehabilitering

  • Forskingssamarbeid regionalt og nasjonalt blir vidareutvikla

  • Den akademiske kompetansen i habilitering og rehabilitering i helseføretaka blir styrka

  • Det blir lagt meir vekt på samarbeid regionalt og nasjonalt om kunnskapsbaserte og likeverdige helsetenester

Tiltak for å nå mål

  • Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering vidarefører satsinga på helsetenesteforsking og vidareutviklar forskingsnettverk regionalt og nasjonalt

  • Helseføretaka prioriterer samarbeid på tvers om utvikling av prosjekt innan kliniske forsking og anna tverrfagleg kunnskapsutvikling gjennom nettverk regionalt og nasjonalt

Indikatorar på måloppnåing

  • Tal på Phd- og mastergrader forankra i kvar eining, (HABU, HAVO og avdelingar for fysikalsk medisin og rehabilitering i regionen)

  • Tal publiserte vitskapelege artiklar i Cristin

  • Tal (populær)vitskapelege artiklar i fagtidsskrift og andre relevante publikasjonar

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering

Senteret har har sida 2014 satsa på helsetenesteforsking innan rehabilitering i samarbeid med Universitetet i Bergen.

Ein PhD-studie fekk tildelt regionale forskingsmidla frå 2021. Dette var den tredje studien i REKOVE-prosjektet som tidligare har resultert i to PhD-gradar. Erfaringar blir no tatt vidare i habiliteringsfeltet.

Kompetansesenteret har kontinuerleg fokus på samarbeid om forsking og kunnskapsutvikling med tenester og andre aktørar frå heile regionen. Det gjeld også samarbeid nasjonalt via fag- og forskingsnettverk, kompetansetenester og andre ressursar.

Les meir

Styrking og utvikling av kunnskapsgrunnlaget innan habilitering og rehabilitering

Vi bidreg til styrking og utvikling av kunnskapsgrunnlaget innan habilitering og rehabilitering. Dette går føre seg ved planlegging og gjennomføring av eiga forsking, deltaking i forskingsprosjekt som andre har initiert, og gjennom etablering og samarbeid i regionale og nasjonale forskingsnettverk.

Meir informasjon
Foto. To personar diskuterar
Sist oppdatert 11.04.2024