logo Helse Vest

Regional plan for habilitering og rehabilitering

Område 7: Utvikle styringsdata og datakvalitet

Dei foreslåtte indikatorane for måloppnåing innanfor kvart av dei prioriterte innsatsområda i planen er i hovudsak basert tidlegare planar. Det er likevel behov for å gå gjennom utvalet av indikatorar og definere dei tydlegare. Data må gjerast tilgjengelege til styringsformål på ulike nivå.

Det er også behov for å samkjøre kodepraksis innanfor habiliteringstenestene . På rehabiliteringsfeltet gjer Helsedirektoratet ein gjennomgang av dagens finansieringsløysninga i ISF-ordninga.

Det er ønskjeleg å inkludere habilitering og rehabilitering i verksemdsrapporteringa til styret i Helse Vest.

Konkrete mål

  • Styringsinformasjon for habilitering og rehabilitering er tilgjengeleg for styringsformål på ulike nivå

  • Det er etablert indikatorar for måloppnåing knytt til innsatsområda i planen

  • Datakvaliteten blir betra gjennom samarbeid om kodepraksis

Tiltak for å nå mål

Utarbeide faglege rapportar med styringsdata for habilitering barn/unge/vaksne og for fysikalsk medisin og rehabilitering

  • Behovet blir meldt inn i det regionale systemet for styringsinformasjon i Helse Vest

  • Arbeidet med utvikling av faglege rapportar blir prioritert hausten 2021

  • Utviklinga blir gjort av analyseteamet i Helse Vest i samarbeid med fagpersonar/ koordinerande einingar frå helseføretaka

Indikatorar på måloppnåing

  • Faglege rapportar med styringsdata for habilitering og rehabilitering er tilgjengelege for ulike nivå innan 2022

Rehabiliteringstjenesta i tal

Tal på rehabiliteringsaktiviteten i helseforetaka og regionane finn du ved å gå inn på lenken til venstre. Her finn du til dømes:

    • Utvikling i rehabiliteringstjenester over tid

    • Geografisk oversikt over kor mykje rehabiliteringstjenester vi bruker

SAMDATA spesialisthelsetjenesten
Ikon
Sist oppdatert 11.04.2024