logo Helse Vest

Regional plan for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)

Område 2: Identifisering av pasientar i somatiske einingar som har alkohol- eller opiatavhengigheit

Det er eit aukande tal pasientar som blir innlagt i somatikken, som også har ei rusliding. Vellykka behandling av den somatiske lidinga vil ofte ha som føresetnad at også rusproblemet blir adressert for å endre vanar og / eller behandla.

For å kunne gje eit tilbod om rusbehandling i tillegg til behandling for den somatiske sjukdomen, må ein identifisere pasientane som har rusproblem. Alkohol er det dominerande rusmiddelet i Norge, og talet på pasientar som nyttar stadig sterkare opiater er aukande.

Ei somatisk avdeling er ein gunstig arena for å identifisere pasientar som er avhengige av alkohol eller opiater. Det er også ein gunstig arena for å starte behandling. Forsking og erfaring viser at eit godt samarbeid mellom somatiske einingar og einingar som har særleg kompetanse på tverrfagleg spesialisert rusbehandling, har gode føresetnader for å finne denne pasientgruppa, og starte hensiktsmessig behandling.

For å identifisere pasientane skal ein nytte ‘Pragmatisk case-finding’.

Om du vil lese meir om mellom anna rusmiddelbruk og helse i somatiske einingar, kan du ta ein titt i dei vedlagde dokumenta og følgjande lenkjer:

 

Konkrete mål

  • Somatiske einingar i Helse Vest skal gjennom ‘pragmatisk case-finding’ identifisere pasientar som har eit skadeleg forbruk av alkohol og/eller opiater.
  • Den generelle kompetansen om skadeleg bruk av alkohol og opiater skal auke i somatiske einingar i Helse Vest. Oppdatert handbok innan rus- og avhengigheitsmedisin (Lommerus) skal vere lett tilgjengeleg på intranett.
  • Personell med særleg rusmedisinsk kompetanse skal vere tilgjengeleg for somatiske einingar i Helse Vest gjennom til dømes ruskonsulentordning, liason-teneste, vaktordning for lege med rusmedisinsk spesialitet eller rusmedisinsk team.
  • Når det er behov skal pasientar tilvisast til TSB. For mange av pasientane vil det vere tilstrekkeleg med god informasjon, rettleiing og liknande.

Tiltak for å nå mål

  • Opplæring av personell i somatiske einingar innan området pragmatisk case-finding

  • ‘Lommerus’ skal bli digitalisert og gjort tilgjengeleg på intranett i løpet av 2021

  • Alle sjukehus skal ha ordningar som gjer at rusmedisinsk kompetanse er tilgjengeleg for dei somatiske einingane, til dømes ved å ha ruskonsulentordning, liason-teneste, vaktordning for lege med rusmedisinsk spesialitet eller rusmedisinsk team (les meir om temaet i det vedlagde dokumentet)

  • Alle somatiske einingar skal ha rutinar for samarbeid med rusmedisinsk personell jf. pnkt. 3, både praktisk vedkomande einskildpasientar, men også ordningar for rettleiing og kompetanseheving

  • Helse Vest RHF vil arbeide for at polikliniske konsultasjonar som ruskonsulentar utfører gir refusjon

Indikatorar på måloppnåing

  • Tal einingar som har gjennomført opplæring i pragmatisk case-finding

  • Tal pasientar som blir identifisert med rusdiagnosar i somatiske einingar

  • Lommerus er digitalisert, og er lett tilgjengeleg på intranett

  • Rusmedisinsk kompetanse er tilgjengeleg på alle sjukehus

  • Polikliniske konsultasjonar som ruskonsulentar utfører gir refusjon

Sist oppdatert 11.04.2024