Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Planmetodikk VEST

Slik lagar og forvaltar vi planar i Helse Vest

Helse Vest har ein planstrategi for å ha ein overordna og heilskapleg tilnærming til planarbeid. Planar i Helse Vest skal vere korte, presise og peike framover. Dei følgjer eit sett med felles prinsipp, som vi kallar VEST.

Et nærbilde av hender som strekker seg etter en mynt

Planar i Helse Vest skal  følgje desse prinsippa: 

  • V iktigast
  • E nderingsorientert 
  • S trategisk 
  • T ydeleg og tilgjengelig

Prinsippa er førande i Helse Vest sin planstrategi. 

Planprinsippa i Helse Vest

Tydeleg og tilgjengelig

 

Planprosessar

Helse Vest har ein felles prosess som definerer korleis vi sett i gang med, gjennomførar og følgjer opp planar. 

 

Prioritering av område

Planane skal innehalde område som skal ha særleg merksemd i åra framover. Områda, som blir omtalt som innsatsområde, blir valt ut ved å tilfredsstille fleire av dei følgjande kriteria:

 

Digitale planar

Nye planar i Helse Vest skal fortrinnsvis vere digitale. Med det meiner vi at planane skal vere utforma og bygd opp med tanke på digital bruk og formidling. Vi skal dra nytte av moglegheitene digitaliseringa gir, blant anna når det kjem til kommunikasjon, oppdateringar, bruk av datakjelder og virtuelle og interaktive verkemiddel.

Sjølve innhaldet blir òg presentert på ein ny måte. Hovudbodskapen blir løfta fram og tydeleggjort, mens bakgrunn og faglege utdjupingar er tilgjengeleg gjennom lenker og vedlegg. Meir strukturert informasjon legg dessutan til rette for betre rapportering og kopling av styringsdata. 

 

Den dynamiske planen

Planane blir reviderte jamleg av ein redaksjonskomité. Planane har dessutan ein fagleg ansvarleg som òg er redaktør for planen. Ansvaret for å følge opp tiltaka følger linjeleiinga, redaksjonskomiteen sitt ansvarsområde er avgrensa til sjølve planen.  Nye fokusområder kan bli fasa inn i planen om redaksjonskomiteen finn det tenleg, etter vanleg saksførebuing og handsaming i leiande organ i føretaka. Dersom eit innsatsområde ikkje lenger tilfredsstiller kriteria for å vere ein del av planen, vil det bli avslutta og fjerna frå planen.

Sist oppdatert 11.04.2024