Strategi for digitale helsetenester

D: Nettbasert behandling

Dette inneber at ein vesentleg del av oppfølginga og behandlinga blir gitt gjennom nettbaserte løysingar basert på ein behandlingsplan. Pasientane slepper dermed møte til like mange vanlege konsultasjonar og kan gjennomføra behandlinga heime når det passar og i samsvar med avtalt plan.

hjemmebasert nettbehandling

Tiltak:

  • Etablere interregionalt samarbeid om utvikling og forvaltning av eBehandling.
  • Auke bruk av eBehandling og integrere eBehandling inn i andre behandlingsforløp og på tvers av fagområde
  • Etablere regional støtteeining for innhaldsproduksjon, digital utforming og innhaldsforvaltning; for eBehandling, pasientopplæring og informasjon i/om behandlingsforløp

Nettbasert behandling kan vera rettleidd på den måten at pasient kan kommunisera med ein behandlar i heile eller delar av forløpet. Der behandlinga ikkje er rettleidd blir omtalt dette ofte som eigenmeistring.

  • eMeistring er terapeutrettleidd internettbehandling for panikkliding, sosial angst og depresjon som vart teken i bruk i 2013 i Helse Bergen og som seinare er teken i bruk av fleire helseføretak i Helse vest og i Noreg.
  • Det er etablert chatbot-tenester, mellom anna for gravide med svangerskapsdiabetes, der den gravide kan kommunisera med og få svar frå ein chatbot/samtalerobot.
  • Pust deg betre for lungesjuke utvikla i samarbeid med Helse Førde er ein app som kan blir brukt på mobiltelefon og som hjelper lungesjuke å utføra anerkjende pusteteknikkar for å fjerna slim og betre tungpust.

Nettbasert behandling har vore eit tilbod innan psykisk helsevern i fleire år. Utviklinga og oppskaleringa har likevel vore avgrensa av gamle teknologiske løysingar med eit ikkje godt nok brukargrensesnitt. Helseregionane samarbeider no om å skaffa ein moderne og felles teknisk løysing slik at bredding av dette tilbodet kan skje mykje raskare. Helseregionane samarbeider også om utarbeiding av nye behandlingsprogram og spreiing av desse; det er aktuelle behandlingsprogram innan psykisk helsevern, rusbehandling og somatikk.

For nettbasert behandling er god innhaldsutvikling krevjande. Det gjeld både den tekstlege, audiovisuelle og visuelle utforminga. Dei kliniske miljøa som utviklar nettbasert behandling, må få støtte frå spesialistar innan innhaldsproduksjon og digital utforming. Dette er spesialiserte tenester som bør etablerast på regionalt nivå.

Sist oppdatert 20.02.2025