logo Helse Vest

Strategi for digitale helsetenester

E: Pasientopplæring

Denne hovudgruppa av digitale helsetenester inneber at pasientar kan få tilgang til digitale opplæringsprogram for meistring av eigen sjukdom. Dette kan vera både rettleidd og ikkje-rettleidd opplæring, og det kan vera både individuell og gruppebasert opplæring.

En person som står ved siden av en person som sitter på en stol i et rom med flere skjermer

Tiltak ved oppstart handlingsplan:

  • Utvikle fleire digitale pasientopplæringsprogram for prioriterte pasientgrupper, og integrera desse i løysingar for digitale helsetenester

Desse tilboda er meir fleksible enn vanleg «klasseromsundervisning» og kan tilbydast pasientar når behovet oppstår, og tillèt også at pasientane kan gjennomføra opplæringa i eige tempo.

  • Førebuing til pustestyrt strålebehandling innan kreft er et nytt opplæringsprogram som skal førebu pasient til strålebehandling  
  • eHjerteRehab er eit nytt digitalt rehabiliteringsprogram for pasientar som har gått gjennomutblokking av kransårane til hjartet

Det er eit potensiale å ta i bruk langt fleire digitale pasientopplæringsprogram som allereie er utvikla, både i og utanfor Helse vest. Der me allereie har tradisjonelle pasientopplæringsprogram kan desse også blir vidareutvikla til digitale program der pasient ikkje møter rettleiar fysisk. Det er spesielt interessant å vurdera dette for pasientgrupper der me gjennomfører andre tiltak innan digitale helsetenester, men også for tilstandar der det er ønskjeleg å kunna tilby pasientopplæring svært hyppig gjennom året, til dømes etter at det er sett enkelte diagnosar eller planlagt/utført enkelte behandlingar.

Opplæring i bruk av dei digitale helsetenestene er også viktig. Det må givast god rettleiing og det må utviklast opplæringsprogram til pasientar og pårørande.

Område og tiltak i strategien

Sist oppdatert 22.03.2024