Berekraftsrapportar
På veg mot ei berekraftig framtid
Tilsette er sjukehusa si viktigaste ressurs. Det er avgjerande å behalde, vidareutvikle og rekruttere dyktige medarbeidarar i spesialisthelsetenesta, slik at helseføretaka i Helse Vest kan halde fram med å gi gode helsetenester av høg kvalitet til innbyggjarane på Vestlandet.
Difor har Helse Vest laga rapportserien «Berekraftig utvikling».
Rapportane skal underbyggje strategisk planlegging av kapasitet og kompetanse for prioriterte fagområde.
Formålet med rapportane er å:
- Synleggjere moglegheiter for korleis spesialisthelsetenesta kan møte framtidas behov.
- Gje innsikt i tiltak som bidreg til å sikre nok fagleg kompetanse – på ein måte som står seg i eit generasjonsperspektiv.
Målet er å tenkje nytt og utfordre etablerte løysingar. Rapportane skal bidra til at sjukehusa er rusta til å møte dei endringane som kjem, og kan dekkje det framtidige behovet for spesialisthelsetenester på ein berekraftig måte.
Rapportserien «Berekraftig utvikling».
- Bærekraftig radiologi på Vestlandet
- Bærekraftig utvikling for ambulansetjenesten i Helse Vest
- Bærekraftig utvikling for ABIOK-sykepleiere, jordmødre, sykepleiere og helsefagarbeidere
- Etablere bærekraftig utvikling for intensivsykepleiere
- Bærekraftig utvikling av kompetanse og kapasitet i psykisk helsevern og TSB
- Bærekraftig utvikling for fødekapasitet på Vestlandet
- Ekstern turnover
Sist oppdatert 16.01.2026