Nasjonal rapport
Variasjon i bruk av laboratorietenester
Laboratorietenester er ein viktig føresetnad for diagnostikk og pasientbehandling, både i og utanfor sjukehus. Dei fleste analysar vert rekvirert av klinikarar i primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta, og prøvane vert sendt til eit medisinsk laboratorium ved eit av helseføretaka, til eit privat ideelt sjukehus eller til eit privat kommersielt laboratorium. Klinikarane rekvirerer laboratorietenester ut frå klinisk indikasjon, og dei vel analysar og analysepakkar frå ei liste (tenestekatalog) som laboratoria tilbyr.

Dei viktigaste helsefaglege drivarane for bruk av laboratorietenester er diagnostikk og
behandling, og dessutan å følgja effekt av behandling, forsking og ulike typar screening. Medisinsk og teknologisk utvikling fører til nye og betre moglegheiter for diagnostikk og behandling, men kan samtidig medføre at forbruket av laboratorietenester aukar. Finansieringa av laboratorietenestene kan også
ha ein innverknad på tilbodet.
Det er naturleg å tru at etterspurnaden etter å stadfesta eller avkrefta mistanke om sjukdom vil halda fram med å auka framover.
Det er naturleg å tru at etterspurnaden etter å stadfesta eller avkrefta mistanke om sjukdom vil halda fram med å auka framover. Dette har samanheng med ei aldrande befolkning som lever med fleire sjukdommar som krev oppfølging, i tillegg til teknologisk utvikling som mogleggjer ny diagnostikk og behandling. Pasientflyt i sjukehusa er i aukande grad avhengig av rask diagnostikk, og stadig fleire
laboratorium innfører totalautomasjon for storvolumsanalysar. Dette vil også vere viktig for å handtere forventa etterspurnad etter laboratorietenester og for å møte mangel på helsepersonell.
Oppdragsdokument 2023 bad dei regionale helseføretaka om å i fellesskap setja inn tiltak for å støtta kunnskapsbasert praksis, kvalitet, berekraft, effektiv ressursbruk og redusere uønskt variasjon.
Under leiing av Helse Vest RHF kartleggje variasjon i bruk av laboratorie-, bilde- og radiologitenester, og setje inn tiltak for å redusere overforbruk av desse tenestene. SKDE bør involverast i arbeidet.