Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon av en helsearbeider bak en PC

Oversikt over frister for søkbare midlar i Helse Vest

Få oversyn over aktuelle tilskot og utlysingar i Helse Vest – gå rett til søknad frå kvar ordning.

 

 

14. mars - såkornmidler

Har du ein idé til eit forbetringsprosjekt? Helse Vest deler kvart år ut såkornmidlar til lokale initiativ for å stimulere til pasienttryggleik- og forbetringsarbeid i regionen.

Helseføretak/institusjonar må sende inn samla søknad, i prioritert rekkjefølgje, til Helse Vest.

Merk at ditt føretak kan ha lokale fristar for innlevering av søknad for å nå den regionale fristen.

Den regionale fristen er 14. mars 2025.​

Nytt for i år er at Helse Vest ønskjer å fremme søknadar som er knytt til Topp 5 risiko-tema eller miljø- og samfunnsansvar.

 

Såkornmidlar

16. mars - innovasjonsprosjekt

Helse Vest RHF lyser ut inntil 16 millionar kroner til innovasjonsprosjekt.

Søknadsfrist er 16. mars 2026 klokken 23:59

Frist for leiarforankring: 23. mars 2026.

Utlysing av midlar til innovasjonsprosjekt i Helse Vest

15. september - forskingsmidlar

Helse Vest sine forskingsmidlar skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å sikre forsking og oppbygging av forskingskompetanse i føretaka, og auke produktiviteten, nytten og kvaliteten på forskinga. Utlysinga for forskingsmidlane i Helse Vest kjem like før sommaren.

Fristen for å søkje midlar er 15. september kvart år.

Forskingsmidlar

1. desember - tilskudd til pasient og brukerorganisasjoner

Som ansvarleg instans for spesialisthelsetenesta i Helseregion Vest, gir Helse Vest kvart år støtte til brukarorganisasjonar. Tilskota skal brukast til formål som​​ kan bli knytt til spesialisthelsetenesta eller har relevans for tenester i spesialisthelsetenesta. 

Tilskot til helsefremjande arbeid

Tørn-programmet

Målet er å bruke personellressursar mest mogleg effektivt, gjennom nye arbeids- og organisasjonsformer. Programmet skal også sikre at oppgåvene mellom dei ulike tenesteområda og nivåa i helse- og omsorgstenesta blir rett fordelte. 

I samarbeid med KS, Helsedirektoratet og dei regionale helseføretaka (RHF) søkar programmet innovative løysingar, for å forbetre tenestekvaliteten og effektiviteten.

Tørn-programmet
Sist oppdatert 24.02.2026