logo

Rettar

Du har rett til medverknad når du blir pasient. Du har rett til å velje behandlingsstad, og du har rett til å få ei vurdering av helsetilstanden din innan 10 verkedagar.

Du har rett til innsyn i pasientjournalen din. Du har rett til å få ein individuell plan for behandlinga di, dersom du ønskjer det. Du har rettar ved fristbrot, det vil seie dersom du ikkje har motteke helsehjelp i spesialisthelsetenesta innan den fristen du har fått. Du har rett til klage på behandlinga du har fått.

Råd og rettleiing

  • Fritt val av behandlingsstad: Ring 800 41004
  • Pasienthjelparen: Ring 800 41 005 kvardagar mellom 08:00 - 15:30

Alt om pasientrettar

Helsenorge

Lova om pasientrettar
(Pasient- og brukerrettighetsloven)

helsedirektoratet.no

Dine rettar som pasient

  • Reservasjon i helseregister

    Helseregistera blir brukt for å betre kvaliteten og gjennomføre forsking i helsetenesta. Dei baserer seg på innsamling av data frå pasientjournalar. Dersom du ikkje ønsker at slike opplysningar skal hentast frå din journal, kan du reservere deg mot dette.

  • Reservasjon i kjernejournal

    Kjernejournal er ei ny elektronisk teneste som inneheld viktige opplysningar om helsa di, som både du som innbyggjar og helsepersonell har tilgang til. Blir du akutt sjuk, har helsepersonell rask og sikker tilgang til opplysningane i din kjernejournal.

  • Reservasjon i pasientjournal

    Alle sjukehus og institusjonar i Helse Vest bruker det same journalsystemet for pasientar som blir behandla hos oss. Det er viktig at sjukehusa har tilgang til pasientjournalen din når du er i behandling, på tvers av avdelingar og sjukehus....

Sist oppdatert 16.06.2021