Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest gir service til kvalitetsregister med nasjonal status og/eller regionale/lokale register forankra i Helse Vest.
Fagsenteret har ein regional funksjon og har kompetanse innanfor registeroppbygging og registeradministrasjon, jus, IKT, statistikk, analyse og kvalitetsforbetringsmetodikk, og gir bistand innanfor desse områda.
Eit medisinsk kvalitetsregister samlar informasjon om utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innanfor definerte sjukdomsgrupper. Det er i dag 61 nasjonale medisinske kvalitetsregister i Noreg der 22 er forankra i Helse Vest.
Her finn du informasjon om relevant informasjon om medisinske kvalitetsregister, aktuelle skjema, malar og retningslinjer som du kan bruke i arbeidet med å etablere eit kvalitetsregister.
Fagsenteret lyser ut stimuleringsmidlar til bruk av data frå kvalitetsregister i forbetring av helsetenesta. Midlane kan gå til kvalitetsforbetringsprosjekt eller forskingsprosjekt.
Resultat frå kvalitetsregistera kan vise forskjellar i praksis mellom klinikkar og uønskt variasjon i kvalitet derfor er data frå kvalitetsregistera viktige i arbeidet med kvalitetsforbetring.