logo Helse Vest

Helse og arbeid

Helse og arbeid (arbeidsretta behandling) er eit tilbod i hovudsak for personar med psykiske lidingar (angst, depresjon) og muskel-/skjelettlidingar.

Fastlegar og andre tilvisarar skal tilvise aktuelle pasientar til spesialisthelsetenesta, og tilvisingane vil handterast på vanleg måte. Retten til behandling vil vurderast i tråd med gjeldande prioriteringsprinsipp.

Tilbodet blir gitt i sjukehusa våre og hos private leverandørar innanfor psykisk helse og rehabilitering.

Rapport:  Prioritering av arbeidsretta behandling i spesialistehelsetenesta

Sjukehusa har informasjon om arbeidsretta behandling og tilvising

Helse Førde - Førde sentralsjukehus

Helse Bergen - Haukeland universitetssjukehus

Helse Fonna - Haugesund sjukehus

Helse Stavanger - Stavanger universitetssjukehus

Haraldsplass Diakonale Sykehus

Arbeidsretta behandling hos private med avtale

Rehabilitering

​Falck Norge, Randaberg

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler

WeCare Bergen

WeCare Nærland​

Åstveit Helsesenter i Bergen​

Tilvising til private rehabiliteringsinstitusjonar

 

Psykisk helse

Falck Norge, Randaberg

Institutt for psykologisk rådgivningstjeneste, Bergen og Haugesund

 

Meir om arbeidsretta behandling

Formålet med arbeidsretta behandling er å bidra til betre helse og arbeidsevne, og betre jobbmeistring og livskvalitet. Behandlinga har både helse og arbeid som mål. Med arbeid forstår vi her også skule og utdanning.

Behandling og arbeidsretta bistand skal skje samtidig. Målgruppene for behandlingstilbodet er personar med rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta, der det blir vurdert å vere auka fare for funksjonsfall utan tilbod om arbeidsretta behandling.

Sist oppdatert 20.05.2022