Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Prinsipp for strategiske satsingar

​Prinsipp for etablering og gjennomføring av strategiske satsingar


Forankring: Ei strategisk satsing skal forankrast i det føretaket eller privat, ideell institusjon som får hovudansvaret for satsinga. Institusjonen har saman med forskingsmiljøet eit ansvar for at satsinga kan vidareførast etter at finansiering frå Helse Vest er avslutta.

Regionalt fokus: Ikkje alle satsingar vil vere dekkjande for heile regionen, men satsingane skal alltid vere opne for deltaking frå andre aktuelle fagmiljø i regionen. Dersom satsinga ikkje lukkast i å få med relevante fagmiljø, skal prosjektleiar orienterer forskingsansvarleg ved aktuelt helseføretak.

Inkludering av andre føretak: Dei regionale satsingane har ansvaret for å invitere alle relevante miljø frå dei andre føretaka med i satsinga sin aktivitet.

Fordeling av midlar: Midlar skal fordelast etter den aktuelle aktiviteten som skissert i søknaden, og dette må vere avtalt på førehand. Det er ikkje noko mål at midlane skal fordelast til føretaka etter størrelse.

Prinsipp for evaluering, måling av resultatoppnåing


Generell måling av resultatoppnåing: Resultat i form av formidling, vitskaplege publikasjonar og avlagte doktorgrader.

Samarbeid: Grad av samarbeid vil kunne målast gjennom talet på samarbeidspartar slik det kjem fram i søknadar og evalueringar.

Betyding for helsetenesta: Dokumentasjon av endring i klinisk praksis på bakgrunn av forskingsresultat og/eller utviking av kunnskap som er relevant for helsetenesta.

Regionalt fokus og inkludering av andre føretak: Regionalt fokus vil blant anna bli målt etter forfattaradresseringa på publikasjonar som utgår frå den strategiske satsinga.

Sist oppdatert 22.06.2021