Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Retningslinjer for kreditering av vitskaplege publikasjonar

Formålet med Helse Vests forskingsmidlar er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka og auke produktiviteten og kvaliteten på forskinga. Produktivitet og kvalitet ved helseføretaka blir målt gjennom rapportering i det nasjonale forskingsdokumentasjonssystemet  Nasjonalt vitenarkiv (NVA). 

I samsvar med brev frå Helse- og omsorgsdepartementet av 25. mars 2008 bør statlege øyremerkte midlar som blir tildelt av Helse Vest og det regionale samarbeidsorganet bli tildelt institusjonar og einingar som inngår i det nasjonale målesystemet for forsking i helseføretaka. Dette skal dokumenterast gjennom kreditering til denne institusjonen, ved å opplyse om korrekt adresse på publikasjonane. Det må vere ei eintydig adresse til eit av helseføretaka i regionen eller ein av dei private, ideelle institusjonane som har avtale med Helse Vest RHF. 

Vancouver-reglane slår fast at forskarar med vesentlege bidrag skal sikrast medforfattarskap ved publisering av vitskaplege artiklar. Dette same gjeld kva institusjonar som bør krediterast i oppgitte forfattaradresser. Det er i tråd med internasjonal praksis at forfattarar oppgir forfattaradresser til institusjonar som har hatt betyding for vedkommande sitt forskingsarbeid. Dette inneber at det ved ekstern finansiering vil vere aktuelt å kreditere andre institusjonar enn der ein er tilsett. 

Hovudregel

Det er den enkelte forskar som avgjer kreditering ut frå følgjande hovudreglar:

  1. Ein forfattar skal adressere ein institusjon dersom institusjonen har gitt eit nødvendig og vesentleg bidrag til eller grunnlag for ein forfattar sin medverknad til det publiserte arbeidet.
  2. Same forfattar skal oppgi adresse til fleire institusjonar dersom dei alle fyller kravet i punkt 1. 

I tillegg kan ein nemne institusjonar utan vesentleg bidrag til den aktuelle publikasjonar under "acknowledgements".  

Forskarar som er tildelt midlar frå Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universiteta i regionen, blir bedne om å angi ei forfattaradresse til det sjukehuset i Helse Vest kvar forskingsarbeidet er utført (pasientdata og/eller infrastruktur), eller kvar det på annan måte er forankra (jf. formålet med forskingsmidlane i punkt 1 ovanfor). Dette gjeld og for forskarar som ikkje er tilsett i eit sjukehus i regionen. Desse retningslinene er i samsvar med nasjonalt vedtekne normer for forfattaradressering på tvers av UH-, institutt- og helsesektoren

Forfattaradressering 

Eksempel på adressering som gir utteljing: 

  • Department of Surgery, Førde Hospital 
  • Department of Thoracic Medisin, Haukeland University Hospital 
  • Department of Pathology, Stavanger University Hospital 

Døme på feil adressering: 

  • Department of Clinical Science, Haukeland University Hospital, University of Bergen 
  • Department of Thoracic Medicine, University of Bergen 
  • Department of Psychiatry, Stavanger University Hospital, University of Bergen 

Dei tre siste eksempla er tvitydige og gir ikkje utteljing fordi adressene til to institusjonar er blanda i same linje, og dette gjer det vanskeleg å sjå kva for ein institusjon forfattaren har meint å adressere. Dersom det er rett å adressere begge institusjonane skal ein oppgi adressene kvar for seg. 

HOD sitt målesystem for forsking og regionale forskingsmidlar. 

Forskingsaktiviteten i helseføretaka blir mellom anna målt i talet på doktorgrader utført ved eller finansiert av eit helseføretak og vitskaplege artiklar med ei forfattaradresse som viser til eit sjukehus i regionen. Kreditering av vitskapelege artiklar i samsvar med desse retningslinjene har dermed direkte verknad på storleiken på forskingsmidlane som blir utlyst av Helse Vest. 

For at Helse Vest skal få utteljing i form av auka øyremerkte forskingsmidlar må vitskapelege artiklar krediterast og utvitydig adresserast til det sjukehuset der forskinga har vore utført. Dersom fleire forfattaradresser blir oppgitt ved publisering, noko som kan vere rett i mange høve, blir utteljinga fordelt ut frå dette. Artiklar som berre er adressert Universitetet i Bergen, Høgskolen på Vestlandet eller Universitetet i Stavanger gir ikkje utteljing i HOD sitt målesystem og bidreg ikkje til resultatbaserte forskingsmidlar som Helse Vest lyser ut.  

Internasjonalt samforfattarskap er artiklar som er adressert til eit sjukehus i regionen og som i tillegg har ei internasjonal forfattaradresse. Internasjonalt samforfattarskap gir høgare utteljing enn artiklar med berre norske forfattarar. Bruk av ”acknowledgements” gir ikkje utteljing her. 

Ved rapportering på Helse Vest forskingsmidlar vil du bli spurt om å oppgi vitskapelege artiklar og doktorgrader som er eit resultat av forskingsmidlane tildelt av Det regionale samarbeidsorganet. Opplysningane du rapporterer inn vil bli samanstilt og kontrollert mot dei opplysningane som er registrert i NVA/Norsk vitenskapsindeks. Alle forskarar kan logge på NVA for å få oversikt over eigen forskingsaktivitet. 

Spørsmål kan rettast til forsking@helse-vest.no. 

 

Sist oppdatert 28.11.2025