logo Helse Vest

Retningslinjer for overføring av forskingsmidlar

Ubrukte forskingsmidlar kan søkjast overført til påfølgjande år. Søknad om overføring av midlar må leverast inn samtidig med årsrekneskap, med frist 20. januar.

​​​​​Varer og tenester som er mottekne før årsskiftet skal rekneskapsførast det året dei er mottekne, sjølv om faktura/betaling kjem året etter. Det skal gjerast avsetning for dokumenterte, kjente kostnadar. Det skal vere samsvar mellom det som blir rapportert og det som er bokført i institusjonen som prosjektet er knytt til.

Ved vurderinga av søknad om overføring vil det blir lagt vekt på følgjande:

  • Det finst faglege og økonomiske rapportar på prosjektet i samsvar med gjeldande reglar.​​
  • Grunngjeving for søknaden må liggje føre.
  • Det må bli gitt ein eintydig forklaring på årsaka til opphald/manglande bruk av midlane.
  • Det må bli gitt ein stadfesting på forventning om fullføring av prosjektet med tidsramme.
  • Prosjektet er fleirårig, irekna doktorgrads- og postdoktorstipend.

Følgjande forhold vil tale mot ei godkjenning:

  • Søknad utan grunngiving.
  • Søknad om å bruke midlane til andre formål enn det dei var løyvde til.
  • Søknad om overføring av personlege stipend til andre.

Når det gjeld påskjøningsmidlar, skal det rapporterast årleg på d​rift og rekneskap. Ubrukte midlar kan søkjast overførte til påfølgjande år. Det kan likevel ikkje bli gjort rekning med overføring vidare til etterfølgjande år.

Sekretariatet for Samarbeidsorganet behandler søknader om overføring i samarbeid med rekneskapsansvarleg i Helse Vest. Leiaren for Samarbeidsorganet avgjer om søknaden skal godkjennast eller ikkje.

Overforbruk av forskingsmidlar

Fleirårige forskingsprosjekt og stipend som eit år har brukt meir enn tildelte midlar, kan søkje om å få dekt overforbruket av det neste året tildeling.

Overforbruk kan ikkje søkast dekt dersom prosjektet ikkje har tildeling frå Helse Vest året etter.

Sist oppdatert 17.04.2023