Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Retningslinjer for påskjøning av forskingsproduksjon

Utgangspunktet er føretakas forskingsproduksjon som er godkjent av Helse- og omsorgsdepartementet.

​​​​​​I denne produksjonen inngår og doktorgradar der meir enn 50 % av kandidatens doktorgradsarbeid er utført ved eller finansiert av eitt føretak i regionen.

Påskjøningsmidlar blir gitte til hovudrettleiar for doktorgradene og blir påskjøna med  75 000 kroner.

Følgjande presiser​ingar gjeld:

  • Dersom hovudrettleiar på tidspunktet for tildeling av påskjøning har flytta ut av regionen, er pensjonert eller ikkje lenger har arbeidstakarforhold til regionens helseføretak, universitet, høgskolar eller private, ideelle institusjonar med avtale med Helse Vest: Påskjøninga blir tildelt direktør ved føretak, avtaleinstitusjon eller leiar ved universitetsinstitutt/høgskule, alt etter korleis hovudrettleiar hadde si hovudtilknyting.

  • Dersom hovudrettleiaren er ved institusjon utanfor region vest: Påskjøninga blir tildelt direktør ved føretak eller leiar ved universitetsinstitutt alt etter kva slags hovudtilknyting doktoranden hadde i stipendperioden.

  • Dersom doktoranden har gjennomført doktorarbeidet utanfor universitetssjukehus og/eller blitt finansiert meir enn 50 % ved annan institusjon enn der hovudrettleiar har si hovudstilling: Påskjøninga blir delt 50/50 mellom doktorandens institusjon og hovudrettleiar.

I spesielle høve kan ovannemnde retningslinjer for påskjøning fråvikast, eksempelvis på bakgrunn av etiske og avtalemessige faktorar. Dette skal leggjast fram og avgjerast av fagdirektøren i Helse Vest på bakgrunn av skriftleg framstilling frå partane.

Det regionale samarbeidsorganet v/leiar vedtek tildeling av påskjnningsmidlar etter innstilling frå sekretariatet. Tildelinga blir initiert når godkjent forskingsproduksjon føreligg frå Helse- og omsorgsdepartementet, året etter disputas.

Bruk av midler

Påskjøningsmidlane skal gå til forsking, og kan brukast til både lønn og drift. Midlane skal handterast av helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Der​som hovudrettleiar ikkje er tilsett i eit helseføretak/privat, ideell institusjon, kan midlane handterast av universitet eller høgskule i regionen.

Det er rapporteringsplikt for midlane, og rapporteringa blir gjennomført i januar. Mottakar og regnskapsinstitusjon vil bli varsla når rapportering skal gjennomførast.

Sjå også Helsedirektoratets ​nasjonale system for måling av forskingsaktivitet​

Sist oppdatert 23.01.2023