Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Retningslinjer for tilbakemelding og klagetilgang

Retningslinjene er utarbeida med utgangspunkt i retningslinjer for søknadsvurdering.

  1. Det v​​ert gitt grunngjeving for avslag på søknaden. Grunngjevinga vil vere av generell og overordna karakter.

  2. Grunngjeving blir gitt innan 3 veker etter at tildelinga av forskingsmidlar er gjort kjent.

  3. Det er høve til å klage på saksbehandlingsfeil. Det er ikkje anledning til å klage på den faglege vurderinga.

  4. Skriftleg klage skal fremjast gjennom søkjarinstitusjonen. Klage skal støttast av næraste leiar, og fremast av fagdirektør ved søkjarinstitusjonen.

  5. Klagen skal vere kortfatta (maks 2 sider), og det skal gjerast greie for kva saksbehandlingsfeil den gjeld.

  6. Fristen for klage er 3 veker etter mottatt grunngjeving.

  7. Klager på saksbehandlingsfeil vert handsama av Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon.

Sist oppdatert 10.10.2024