logo Helse Vest

Retningslinjer for tildeling av akutte forskingsmidlar

  1. ​Søknaden må komme som eit resultat av ressursbehov som oppstår mellom dei ordinære fristane, og som ikkje kan vente til neste søknadsfrist utan at det får konsekvensar for prosjektets gjennomføring eller kvalitet. Konsekvensane må vere av betydeleg karakter.

  2. Prosjektet skal vere støtteverdig ut frå Det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon sine vanlege kriterium ved vurdering av forskingsprosjekt.

  3. Det kan søkjast om midlar til gjennomføring av prosjekt, til feltarbeid, og til sikring av forskingsmateriale.

  4. Søknadene skal vurderast av ein komité som består av 1 ekstern representant og 2 representantar frå Det regionale samarbeidsorganet - ein frå føretakssida og ein frå universitetssida. Sekretariatet skal hjelpe i arbeidet.

  5. Vedtak om tildeling blir fatta av leiaren for Det regionale samarbeidsorganet og blir lagt fram på organets påfølgjande møte.

  6. Søknad sendes til Sekretariatet for Regionale samarbeidsorgan, e-postadresse: forskning@helse-vest.no

Sist oppdatert 04.03.2020