Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Råd til deg som vil vidareutvikle søknaden om Helse Vest forskingsmidlar

Rundt éin av fire søknader om Helse Vest forskingsmidlar får tildelt midlar. Ei heilskapleg vurdering av vitskapleg kvalitet og relevant nytteverdi i spesialisthelsetenesta ligg til grunn for kva søknader som blir innstilte eller som får avslag.

Ved vidareutvikling av søknader om Helse Vest forskingsmidlar bør ein vurdere om vurderingskriteria vitskapleg kvalitet og nytte for spesialisthelsetenesta er oppfylt og tydeleg skildra, jf. Formål og kriterium - Helse Vest RHF.

Vi tilrår at søkjarar som ikkje når opp i konkurransen om forskingsmidlar ser nærare på:

  • Vitskapleg kvalitet:
    • Er problemstilling og vitskapleg bakgrunn for prosjektet godt skildra? Sørg for at det er lett å forstå relevansen for prosjektet, og inkluder oversikt over forskingsfronten og aktuell referanselitteratur.
    • Er framstilling av hypotesar, mål og milepælar tydeleg og konsist formulerte? Sørg for at det lett å forstå kva prosjektet skal oppnå.
    • Er det ein realistisk og formålstenleg plan for gjennomføring?
    • Har prosjektdeltakarane nødvendig kompetanse og kvalifikasjonar til å svare ut dei metodologiske aspekta for prosjektet?
    • Er moglege risiker for gjennomføring i samsvar med plan for prosjektet identifisert, og ligg det føre ein alternativ plan dersom ein må avvike frå denne (jf. risikoanalyse)?
  • Nytte for spesialisthelsetenesta:
    • Er prosjektet nyttig, originalt og relevant for pasientar og helsetenesta – kjem dette klart fram?
    • Er vegen til klinisk praksis klar og gjennomførbar (jf. implementering)?
  • Budsjett:
    • Inneheld budsjettet tilstrekkelege detaljar med realistiske kostnadsestimat? Budsjettelement må vere i samsvar med utlysinga i forhold til tidsrammer for prosjektet og kva ein kan søkje om.
    • Dersom søknader er avhengige av anna finansiering til t.d. drift, må dette gjerast greie for i tekstfelten til budsjettmodulen eller i prosjektbeskrivinga.
  • Prosjektdeltakarar:
    • Kjem det klart fram kva kvar enkelt deltakar skal bidra med i prosjektet? For vitskaplege stillingar må av planlagd aktivitet konkretiserast, også i søknader om utanlandsstipend og utviding av postdoktorstipend.
Sist oppdatert 09.12.2025