logo Helse Vest

Tilskot til helsefremjande arbeid

Som ansvarleg instans for spesialisthelsetenesta i Helseregion Vest, gir Helse Vest kvart år støtte til brukarorganisasjonar.

For​mål​

Tilskota skal brukast til formål som​​ kan bli knytt til spesialisthelsetenesta eller har relevans for tenester i spesialisthelsetenesta. 

Søknad om tilskot til helsefremjande arbeid

Organisasjonar som kan få tilsk​​​ot

Tilskot kan givast til pasient- og brukarorganisasjonar som blir drivne av brukarar, har valt styre og der opplæring og eigenmeistring er sentrale form​​ål.

Som hovudregel vil fylkeslaga til brukarorganisasjonane bli pri​oritert. For organisasjonar som har både fylkesledd og regionledd, blir fylkesleddet prioritert. Lokalforeningar der det ikkje er fylkeslag, kan søkje.

Kva blir det gitt tilskot til?​​

Tilskot kan givast til drift og konkrete aktivitetar knytt til oppgåvene til spesialisthelsetenesta eller som har relevan​​s for desse. I tillegg vil det bli lagt vekt på følgjande punkt i vurderinga av søknadene:

  • Pasient- og brukarorganisasjonane si opplæring av brukarrepresentantar/tillitsvalde og organisering/koordinering av brukarrepresentasjon i spesialisthelsetenesta, for eksempel til forsking.
  • Pasient- og brukarorganisasjonane sine eigne informasjons-/opplærings- og meistringskurs, fortrinnsvis i samarbeid med helsepersonell.
  • Pasient- og brukarorganisasjonane si eiga opplæring i og utøving av organisert, frivillig likepersonarbeid i helsetenesta.
  • Pasient- og brukarorganisasjonane sitt arbeid med rekruttering av unge, og personar med fleirkulturell bakgrunn som brukarrepresentantar og likepersonar.

Utlysing, frist, søknadsskjem​a

  • Utlysinga har søknadsfrist i desember.
  • Bruk søknadsskjemaet som finst på øvst på denne sida.
  • I søknadsskjemaet skal det gjerast greie for planar, aktivitetar og budsjett (driftsmidlar) for 2024. Siste årsmelding og rekneskap skal leggjast ved søknadsskjemaet.

Rapporter​​ing

  • Rapport om bruken av midlane s​kal sendast Helse Vest ved søknaden om tilskot.

    • Rapporten (årsmeldinga) skal innehalde omtale av kva midlane er brukte til, og at dei er brukt i høve til tildelinga som beskrive i tildelingsbrevet.
    • For tilskot over kr 1 000.000,-  kan Helse Vest RHF krevje  rekneskap frå revisor, eventuelt revisjon utført av Helse Vest RHF.

Retningslinjene for tildeling av tilskot blir u​tarbeidd etter drøfting med Det regionale brukarutvalet.

Sist oppdatert 14.12.2023