Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Regional forbetringsutdanning

Helse Vest sin forbetringsutdanning i forbetringsmetodikk gir kompetanse til å drive og gjennomføre forbetringsprosjekt, til det beste for pasientar, pårørande og medarbeidarar.

Mål

​Arbeidet med kontinuerleg forbetring har som mål å betre tenestene for pasientar og pårørande. Ved å gjere små forbetringar i avgrensa område, vil heile organisasjonen oppleve forbetring, som kjem alle til gode.
​

Den regionale forbetringsutdanninga er utvikla av Program for pasienttryggleik i Helse Vest og byggjer på The Impro​vement Advisor Professional Development program  frå Institute for Healthcare Improvement (IHI) i USA og Nordisk forbedringsagentutdannelse frå Dansk selskab for patientsikkerhet/Helsedirektoratet.

Utdanninga gir kompetanse i systematisk forbetring og bruk av statistisk prosesskontroll (SPC) og alle deltakarane skal gjennomføre eit forbetringsarbeid i utdanningsløpet.​​

Målet er at den kunnskapen og dei erfaringane deltakarane får i løpet av utdanninga, blir brukt til å arbeide med anna forbetringsarbeid og til å lære opp andre i organisasjonen til å kunne arbeide eff​​​ektivt med kontinuerleg forbetring.

Målgruppe

Målgruppa er a​​lle medarbeidarar som ønskjer å gjennomføre forbetringsarbeid i eiga eining. Vi oppfordrar også dei som ikkje er klinisk personell, til å søkje.

Krav til søkjaren og leiaren

Den som vil søkje, må søkje i eige søknadsskjema om å få plass i utdanninga. Forbetringsarbeidet må vere avklart med og go​​dkjent av leiaren til søkaren.

Det er også ein føresetnad at den kunnskapen og​ dei erfaringane deltakaren får i løpet av utdanninga, i ettertid kan brukast til å arbeide med andre forbetringsprosjekt og til å lære opp andre i organisasjonen til å kunne arbeide effektivt med forbetringar.

Søkjaren må avklare med sin leiar at det blir lagt til rette for deltaking på alle samlingane. Deltakaren må også sørgje for at det​ blir sett av tid til å arbeide med forbetringsarbeidet før og mellom samlingane.

Etter å ha gjennomført utdanninga skal deltakaren kunne setje i verk, gjennomføre og leie forbetringsarbeid, som gir varig betring av tenestene.

Leiaren må etterspørje res​ultat og bidra til at det blir etablert eit forbetringsteam som skal delta i arbeidet med forbetringane.

Søknad

Søknadane skal prioriter​ast i føretaka før innsending til Helse Vest RHF, og helseføretaka skal sende søknadane inn samla til Helse Vest RHF.

For forbetringsutd​​anninga som strekkjer seg over 10 månadar, dekkjer Helse Vest overnatting, opphald og kost. Føretaket ditt må dekkje reise til og frå samlingane.

Ta kontakt med din lokale ​​pasienttryggleikskoordinator for meir informasjon.

Helse Førde
Kari Holvik Furevik

Helse Bergen
​Gerd Gran

Helse Fonna
Laila Østebøvik

Helse Stavanger
Sina Furnes Øyri

Tina Sandvik 

Haraldsplass
Karianne Flaatten

Forbetringsutdanninga er praktisk orientert og går over ti månadar​. Som del av utdanninga vil deltakarane få rådgiving frå ein rettleiar. Forbetringsutdanninga består av ein kombinasjon av digitale​​​ og fysiske samlingar, til saman sju dagar.

Samlingane er obligatoriske

​Alle samlingane har spesifikke tema som blir gjennomgåtte, og erfaring tilseier at det er nødvendig å delta p​å alle samlingane.

Plassane vil bli fordelte​ mellom helseføretaka.

Deltaking, inkludert overnatting, opphald og kost i samband med samlingane, er gratis. Føretaket ditt må dekkje reise til og frå samli​ngane.

 

Sist oppdatert 23.05.2025