Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Diagram
For leverandørar

Bli leverandør og avtalar

Dei fleste innkjøp skjer gjennom opne konkurransar, og du blir leverandør ved å delta i ein konkurranse og få tildelt ein avtale. Her ser du kvar du finn konkurransar, kven som gjennomfører dei, og kva som skjer etter at du har fått avtale

Tilbake til hovudsida for leverandørar

Føretaka kjøper inn varer og tenester til sjukehus, apotek og andre einingar i spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Anskaffingane blir gjennomført av Sykehusinnkjøp. Du blir leverandør ved å delta i ein konkurranse og få tildelt ein avtale. 

Slik går det til 

  • Finn konkurransen. Konkurransar blir kunngjorde på Doffin eller EU-databasen TED. 
  • Kvalifiser deg. Konkurransegrunnlaget set krav til mellom anna økonomisk og teknisk evne.  
  • Lever tilbod. Du leverer tilbodet elektronisk, slik det er oppgitt i kunngjeringa. 
  • Inngå avtale. Vinnarar av konkurransen blir tilbodne ein rammeavtale. Avtalen gjeld for dei helseføretaka som er omfatta. 
  • Bli implementert. Etter at avtalen er inngått, skal produkt og prisar leggjast inn i innkjøpssystema, og leveranseløysinga må vere avklart.  

 

Kven gjennomfører anskaffingane? 

Sykehusinnkjøp HF gjennomfører alle anskaffingar på vegner av alle dei fire helseregionane (Helse Nord, Helse Midt-Norge, Helse Vest og Helse Sør-Øst). Selskapet er eigd av dei fire regionale helseføretaka.  

 

Kva betyr dette for deg?  

Vil du selje inn eit produkt eller ei teneste til Helse Vest, er første steg å finne ut om det finst ein gjeldande avtale eller ein planlagd konkurranse i kategorien din. Oversikt over aktive nasjonale avtaler ligger på hjemmesidene til Sykehusinnkjøp- Vil du selje produkt som ikkje er omfatta av nasjonale avtalar, ta kontakt med Sykehusinnkjøp HF, ikkje med enkeltsjukehus. Bruk kontaktsida og kategoriinndelinga deira.

 

Under ein pågåande konkurranse kan sals- og informasjonsmøte med tilsette bryte reglane om likebehandling. Bruk oppgitt kontaktperson i konkurransen.
Viktig
Sist oppdatert 12.11.2026