Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Diagram
For leverandørar

5. Krav og retningslinjer

Slik følger du krav og retningslinjer hos Helse Vest

Tilbake til hovudsida for leverandørar

Helse Vest forventar at leverandørane held seg til avtalen dei har inngått. Det gjeld krav til levering og forutsigbarheit, til elektronisk samhandling og til samfunnsansvar. Sjukehusa skal kunne stole på at varer og tenester kjem til rett tid, i rett kvalitet og med riktig merking. 

Krav til levering og forutsigbarheit 

Dei nasjonale logistikkbetingelsane gjeld som del av avtalen din, og er like for alle fire helseregionane. Som leverandør må du mellom anna: 

  • levere i samsvar med avtalt sortiment, ledetid og pakningsstorleikar 
  • følgje krava til emballasje, merking og fysisk leveranse 
  • halde produkt- og prisinformasjonen i katalogen oppdatert, slik at sjukehusa kan bestille 
  • stadfeste kvar bestilling, og seie frå om du kan levere og når 
  • melde frå om avvik og endringar så snart du kjenner til dei 
  • følgje rutinane for ordre, mottak og avvikshandtering 

Leveransekvaliteten blir målt, og merkostnader som følgje av avvik kan bli følgde opp. 

 

Samfunnsansvar og etisk handel 

Helse Vest vektlegg ansvarleg forretningspraksis, inkludert omsyn til menneskerettar, arbeidstakarrettar og miljø i leveransekjeda. 

Korleis blir krava stilte? 

Samfunnsansvar, miljø og etisk handel blir fulgt opp gjennom anskaffingsprosessane til Sykehusinnkjøp.. For dei fleste avtalar er det Sykehusinnkjøp HF som følgjer opp eit utval av avtalane. Sjå samfunnsansvarssida deira for gjeldande krav og oppfølging. 

Det må du rekne med 

  • Krav i konkurransegrunnlaget om til dømes arbeidsvilkår, menneskerettar og miljø 
  • Dokumentasjon og stikkprøver i avtaleperioden 
  • Oppfølging dersom avvik blir avdekte 

 

Etiske retningslinjer 

Føretaksgruppa har felles etiske retningslinjer. Sjå våre sider om temaet for ytterlegare informasjon  

 

Samarbeid med bransjeforeiningane 

Helse Vest har samarbeidsavtalar med Legemiddelindustrien (LMI) og Melanor, bransjeorganisasjonen for medtek og lab. Avtalane set rammer for korleis tilsette i helseføretaka og leverandørar samhandlar, slik at samarbeidet er fagleg og etisk forsvarleg. Medlemmer i LMI og Melanor er forplikta til å følgje dei etiske reglane og samarbeidsavtalane som organisasjonane har inngått med helsesektoren 

Har du spørsmål om avtalane, kontakt postmottak Helse Vest RHF, LMI eller Melanor.

Sist oppdatert 18.11.2026