logo Helse Vest

Digitalisering

God bruk av teknologi er viktig for å redusera arbeidsbelastninga til medarbeidarar og gjere arbeidskvardagen enklare. Digitalisering skal bidra til at medarbeidarane får ein betre arbeidskvardag og at pasientar får god behandling.

Strategi for digitalisering

Strategi for digitalisering i Helse Vest peikar ut dei viktigaste innsatsområda for digitalisering. Helse Vest har innført ei rekkje store digitale løysingar dei siste åra. I tida framover skal vi vektlegge brukarvennlegheit, auka brukskvalitet og god informasjonslyt ved forbetring av digitale løysingar.

Strategi for digitalisering i Helse Vest
Kalender

I Helse Vest har vi fleire prosjekt som skal bidra til forbetring, slik at sjukehusa er i stand til å møte kapasitetufordringar i framtida. Prosjekta er delt inn i ulike område: pasientbehandling, økonomi og forsyning, infrastruktur for sjukehusdrift, medarbeidar, organisasjon, analyse, utdanning og kompetanse, og arkitektur- og datastyring.

Pasientbehandling

Pasientbehandling skal sørge for at helseforetakene i Helse Vest i fellesskap har gode digitale verktøy som oppleves gode i bruk, understøtter den kliniske virksomheten og bidrar til økt pasientsikkerhet.

Journaldokumentasjon

Kvar tiande pasient som blir utskriven frå eit sjukehus i Helse Vest, blir lagd inn igjen innan 30 dagar. Vel heim-prosjektet fokuserer både på re-innleggingar og god utskriving. I arbeidet skal dei vareta:

Pasientperspektivet – pårørande og pasientane sine behov for informasjon og varetaking

Samhandlingsperspektivet – kommunikasjon og informasjonsflyt mellom kommune og spesialisthelsetenesta

Arbeidsprosessar – forenkle arbeidskvardagen til medarbeidarar i kommune- og spesialisthelsetenesta

Dagens IKT-løysingar i dei akuttmedisinske kommunikasjonssentralane (AMK) er fragmenterte og avgrensar moglegheita til heilskapleg arbeidsflyt på tvers av sentralane. For å møte behova for ein meir brukarvennleg, effektiv, robust og framtidsretta løysing, blir det gjennomført eit interregionalt AMK IKT-prosjekt, som blir leidd av Helse Vest. Det er også etablert mottaksprosjekt i kvar av helseregionane for å vareta innføring av dei nye løysingane.  

Nye AMK-løysingar vil mellom anna bidra til at helsepersonell er betre rusta til å svara på medisinske nødsamtalar (113) og gi råd når det er nødvendig. I tillegg vil AMK-sentralane kunna avlaste kvarandre i større grad enn i dag. 

For fleire av helseføretaka hastar det med å skifte ut dagens multimonitorar. Utstyret er nær «end-of-life» og det er vanskeleg å finne reservedelar ved eventuelt samanbrot. Dagens multimonitorar og mottaksløysingane deira blir no drifta lokalt/regionalt til dels utan samhandling mellom regionane. 

Prosjektet vil bidra til å sikre drift av livsviktige tenester slik at pasienten får rask, trygg og effektiv helsehjelp. Den nye multimonitorløysinga legg også til rette for betre samhandling. Målsetjinga er å etablera ei plattform som mogleggjer samhandling uavhengig av organisatorisk tilhøyrsel.

Prosjektet har som mål å innføre nytt journalsystem for ambulansetenesta i regionen.

Tidlegare har ambulansepersonell ført informasjon om paientar i ein papirjournal som blir levert på akuttmottak. Data frå ambulansejournalen har så blitt lagt inn manuelt i Dips. 

Dette prosjektet skal erstatte papirjournalar med elektronisk pasientjournal. I stadet for penn og papir, skal ambulansepersonell registrere i nettbrett. Slik kan akuttmottak sjå pasientinformasjon i sanntid, og planlegge mottakinga og vidare behandling av pasienten betre. 

Prosjektet skal erstatte dagens fødejournalsystem Natus, med nytt journalsystem, Partus. Det nye systemet skal som minimum dekke dei same behova som Natus gjer i dag, i tillegg skal prosjektet undersøke moglegheiter for ytterlegare forbetringar for å styrke pasienttryggleiken og meir effektiv tidsbruk for brukarane.

Prosjektet skal anskaffe og innføre eit nytt regionalt system for fosterovervåking. 

Foreslått løysing skal gje gevinst i form av effektiv utnytting av ressursar, effektiv gjennomgang av dokumentasjon, auka pasienttryggleik og auka personvern. 

Prosjektet skal finne løysing for ei heilskapleg tilnærming til den kritiske informasjonen til pasienten på tvers av system og opp mot strukturen i Kjernejournal. 

Støtte til kliniske einingar

Prosjektet Pasientflyt og ressursar legg til rette for meir effektiv styring av pasientflyt for inneliggjande pasientar, på tvers av avdelingar, klinikkar og fagsystem.

Gjennom betre oversikt og kontroll med status, for eksempel på prøvesvar, kan vi utnytte sjukehuset sine samla ressurser betre og redusere heft. Vi kan også tilby pasientar og pårørande betre informasjon og større forutsigbarheit under opphaldet.

Løysinga for styring av pasientflyt og ressursar inneheld støtte til elektroniske tavlemøter, elektroniske informasjonstavlar i ventesoner, styringsinformasjon og meldingssentral for utveksling av signal, meldingar og status mellom fagsystem og ressursar.

Prosjektet skal leggje til rette for at inneliggande pasient skal ha moglegheit for å differensiere varslar til ansvarleg sjukepleiar, og dessutan få oversikt over dagsplanen sin i ein pasientportal.

Løysinga blir utvikla med bakgrunn i behova til nybygg, der det er store avstandar og stor grad av enerom. Først ut er Glasblokkene i Helse Bergen.

Integrert ressursplanlegging skal bidra til betre koordinering og planlegging av timane til pasienten på tvers av klinikkar og fagområde. 

Prosjektet skal utvikle systemstøtte til medarbeidarar for planlegging og tildeling av timer til pasient, for å bidra til effektiv utnytting av faglege ressursar, areal og utstyr på tvers av fag og klinikk. Vidare skal prosjektet gjennomføre tiltak for å identifisere pasientar med koordineringsbehov, og automatisere planlegging og tildeling av enkle timar.

Prosjektet Mitt timeval skal utvikle løysingar der pasientar sjølve kan gå inn på nett og endre eller bestille timane sine på sjukehuset. I første omgang vil det bli mogleg på utvalde timar i Helse Vest.

Målet er at pasientar skal oppleve at dei kan vere med å bestemme meir over si eiga behandling og at fleire skal møte til timen sin.

Digitale helsetenester

Formålet med prosjektet er å utvikle ny funksjonalitet knytt til bruk av skjema og brev for spesialisthelsetenesta og for innbyggjarar i Helse Vest.

Bakgrunnen er eit ønskje om ein overgang til elektronisk kommunikasjon og elektronisk innhenting av informasjon frå pasientar og pårørande.

Sjukehusa i Helse Vest som produserer laboratorie- og radiologisvar deltek i eit nasjonalt utprøvingsprosjekt med formål kvalitetssikring. Dette handlar om digital deling av pasienten sitt prøvesvar.

"Pasientens prøvesvar" er ein nasjonal teneste for både helsepersonell og pasientar. Målet er at alle prøvesvar skal være tilgjengelege, uavhengig av kvar i landet analysen eller undersøkinga er gjennomført.​ 

​I utprøvingsperioden er det kun eit begrensa tal utvalde legar som får tilgang til pasienten sitt prøvesvar via kjernejournal. Desse legane deltek i utprøvingsprosjektet som har formål å kvalitetssikre løysinga. 

Innføring av pasientens prøvesvar med behandlingsretta formål vil gradvis skje i 2024. Når løysinga er ferdig kvalitetssikra, skal fleire helsepersonell få tilgang. Dette inkluderer også alle pasientar, som vil få innsyn i fleire prøvesvar via Helsenorge. 

Norse er eit sjølvrapporteringsverktøy som vert nytta i psykisk helsevern for tilbakemeldingar frå pasientar på korleis dei har det, og tankar rundt behandlinga som vert utført. Pasienten kan sende tilbakemeldingane sine frå mobil, nettbrett eller datamaskin, og behandlaren får deretter ei visuell framstilling om korleis du har det. Med Norse får pasient og behandlar ein felles plattform der dei betre kan forstå utfordringane som pasienten slit med, og behandle desse korrekt.  

Rettleia internettbehandling inneheld dei same elementa som ordinær kognitiv åtferdsterapi med behandlar i poliklinikk. Behandlinga er nettbasert, og pasienten kan få rettleing frå ein behandlar via internett. Denne typen behandling reduserer påkjenninga for pasientar med lang reiseveg, samt at pasienten har høve til å jobbe med behandling når det passar best. 

Helse vest er med på ei interregional anskaffing for ei felles løysing for nettbasert behandling. Målet er å auke volumet av nettbasert behandling og å samarbeide og dele behandlingsprogram mellom helseregionane. Planleggingsfasen Helse vest no må setje i verk skal førebu oss på overgang til ny løysing og leggje til rette for auka aktivitet.

Pasienten sine journaldokument frå sjukehus i Helse Vest er tilgjengeleg i kjernejournalen til pasienten. Dette betyr at alle med tilgang til kjernejournal via systemet for pasientjournal, kan sjå på dokumentlista for pasientane dei behandlar.

I løpet av 2024 vil også sjukehuspersonell få tilgang til journaldokumenta til pasienten på tvers av helseregionar, ikkje berre internt i eigen region.

Det vil gi helsepersonell raskare tilgang til helseopplysningar som igjen kan gi eit betre avgjerdsgrunnlag for å yte forsvarleg helsehjelp.

Les meir

E-resept er ei nasjonal e-helseløysing (samhandlingsløysing) for sikker overføring av reseptinformasjon. Både fastlegar, legevakter, sjukehus, apotek og bandasjistar bruker e-resept, og i dag er omtrent 94 prosent av alle reseptar elektroniske. 

Helse Vest var først ute blant sjukehusa med å innføre e-resept og har i fleire år nytta Forskrivningsmodulen (FM), som blir levert av Norsk helsenett.  Forskrivingsmodulen (FM) er frå leverandør planlagt avvikla ved årsskiftet 2024/2025. Helse vest har derfor det siste året vurdert alternativ til FM.

Helse Vest skal no gå over til DIPS Medikasjon e-resept, som har både eit modernisert og forenkla brukargrensesnitt, og er klargjort for nye styresmaktskrav og nasjonale e-helsetenester som Heilseid, SFM og Pasientens legemiddelliste. 

I Helse vest planlegg vi å starte innføringa etter at Helse nord har fullført piloten sin. Planen er å innføre DIPS Medikasjon i Helse Førde, Helse Fonna og Helse Stavanger hausten 2024. Helse Bergen og Haraldsplass diakonale sjukehus må vente noko lenger. Dei deltek i utprøvinga av Pasientens legemiddelliste (PLL), noko DIPS ikkje vil ha full støtte for før mot slutten av 2024.

Legemiddel og kurve

Éin av tinga helsepersonell bruker mykje tid på, er å finne ut kva medisin pasientane står på. Med Pasientens legemiddelliste (PLL) skal alle som behandlar pasienten ha tilgang til same kjelde for raskt og enkelt å kunne sjå kva slags medisinar pasienten får.

Haraldsplass diakonale sjukehus er det første sjukehuset i Noreg der det er mogleg for alle legar å oppdatere Pasientens legemiddelliste.

PLL gir moglegheit for at både fastlege og behandlande lege raskt og enkelt får oversikt over medisinbruken til pasienten.

Prosjektet skal finne den mest formålstenlege måten å handtere grunndata for legemiddel på, og dessutan sikre effektiv fagforvaltning for legemiddelinformasjon i Helse Vest. 

Dagens situasjon med auka pasienttilstrøyming til akuttmottaka og reduserte økonomiske rammer, set krav til IKT-løysingar som blir brukte i den akutte kjeda. 

Helseføretaka har meldt behov om stor forbetring av IKT-støtte til pasientlogistikk i akuttmottaka. Dette gjeld særleg dei største akuttmottaka. E.care i kombinasjon med MEONA er peika på som den tilrådde framtidige løysinga på området.

Den nye løysinga gir betre moglegheit for rapportar, og potensielt fleire integrasjonar.

Prosjektet skal ikkje berre implementere den nye løysinga, men har som mål å støtte heile arbeidsflyten som skjer i akuttmottaka. 

Labratorie

Prosjektet skal støtte opp under diagnostikk og behandling for pasientar som går gjennom avanserte celleterapeutiske prosedyrar, som for eksempel transplantasjon av stamceller for kreftpasientar.

Alle føretaka i Helse Vest tar i bruk digital patogologi. Det betyr at alle sjukehusa i regionen får umiddelbar tilgang til å vurdere snitt digitalt via ein dataskjerm. Det opnar også opp for deling av informasjon på tvers av sjukehusa.

Tidlegare har patologar undersøkt vevsprøvar i eit mikroskop. Med digital patologi blir prøvane i staden skanna inn med spesialskannarar, slik at patologane kan studere prøvane på skjerm. Dette gjer bileta tilgjengelege for patologar på andre plassar i Helse Vest, med ein gong. Slik opnar ein opp for deling av informasjon på tvers av sjukehusa. 

Prosjektet har innført det same lab-systemet (Unilab) i alle sjukehusa i Helse Vest. Det gjer fleire fordelar, både for helsepersonell og pasientar. 

Når alle sjukehusa i regionen bruker det same lab-systemet, held det å registrere ei prøve éin gong. Det gjeld frå prøva blir bestilt og til ho blir teken og analysert. Skal prøva sendast til eit anna laboratorium i regionen for analyse, treng ho heller ikkje registrerast på nytt. Prøva har den same koden og namnet heile vegen. Det gjer arbeidsdagen til helsepersonell enklare. 

Pasientane kan ta prøvar kvar som helst ved eitt av sjukehusa våre, uavhengig av kvar prøva er rekvirert og kor oppfølginga skal skje. Pasientane slepp å ta med papir eller etiketter slik dei måtte tidlegare. 

Bilde

Eit regionalt hjerte-PACS skal: 

  • gi eit felles arkiv i Sectra for lagring av undersøkingar og tilhøyrande nødvendig dokumentasjon (kardiologibilete).
  • mogleggjere overføring av undersøkingar elektronisk til andre regionale helseføretak.
  • handtere distribusjon av arbeidslister til alle integrerte modalitetar på kvart enkelt laboratorium.

Økonomi og forsyning

Økonomi og forsyning skal bidra til at Helse Vest samla gjennom digitale verktøy når sine mål om sikker forsyning av varer og effektive system for økonomi- og verksemdsstyring.

Prosjektet har ansvaret for å sikre ein heilskapleg vareflyt innan operasjonsplanlegging og sterilforsyning/sterillogistikk. 

For operasjonsplanlegging skal dataprogrammet Orbit nyttast. Prosjektet skal også innføre eit nytt sterilfagleg system, som skal bli brukt av alle sterilsentralar i Helse Vest. 

Infrastruktur for sjukehusdrift

Helse vest har kjøpt nytt system for matforsyning (Matilda), og dette er no under utrulling og er allereie teke i bruk i nokre føretak. Løysinga skal bli brukt i alle føretaka. 

 

Oppgåva til prosjektet er å innføre produktet Omega 365 for å støtte opp om arbeidsprosessane for forvaltning, drift og vedlikehold og utvikling. I tillegg skal produktet integrerast med reingjeringssystemet i Helse Vest (Clean Pilot). 

Formålet er på nasjonalt plan å standardisere så mykje som mogleg og dessutan redusere talet på system som blir nytta på dette aktuelle området. 

Prosjektet har ansvaret for gjennomføringa av innføringsdelen av avtalen med nødvendige tilpassingar og støtte til relevante arbeidsprosessar. 

 

Prosjektet skal utvikle og innføre ein regional løysing for lokalisering av utstyr. Innføringa av løysinga blir tenesteorientert. Det betyr at innføringa blir gjennomført etter behov ved at ei teneste blir bestilt.

​​​​​​​Det vil bli tilbudt fleire tenester kor dei viktigaste er mogleg å abonnere på lokasjonsdata via eit API og få lagt til ønska utstyr og område for lokalisering. Prosjektet, og seinare ei kompetansegruppe på lokalisering, vil sørge for at utstyr blir anskaffa, montert, gjort tilgjengeleg i lokaliseringsløysinga, satt i drift og drifta.

Medarbeidar, organisasjon, analyse, utdanning og kompetanse

Medarbeidar, organisasjon, analyse, utdanning og kompetanse skal bidra til at Helse Vest gjennom digitale verktøy når sine mål om å ha tilgjengeleg og utvikle relevant fagleg kompetanse i alle prosessar, sikre gode system for verksemdsutvikling, og ivareta rollar og oppgåver for leirarar og medarbeidarar.

Arkitektur- og datastyring

IKT-tenester

 

Sist oppdatert 16.04.2024