logo Helse Vest

Om nasjonale medisinske kvalitetsregister

Hovudformålet med dei medisinske kvalitetsregistera er å bidra til betre kvalitet for pasienten, og minske uønskt variasjon i helsetilbod og behandlingskvalitet. 

​Kvalitetsregister inneheld strukturert informasjon frå heile behandlingsforløpet: diagnostikk, behandling og oppfølging, i tillegg til resultat av behanding. Dette gir kunnskap om uriktig variasjon og kvalitet i helsetenesta. Resultat frå registera skal brukast til kvalitetsforbetring, og vere ei kjelde til kvalitetssikring og forsking.

Eit kvalitetsregister med nasjonal status skal samle inn data frå alle aktuelle sjukehus i Noreg.

Her finn du oversikt over alle dei 59 medisinske kvalitetsregister med nasjonal status.

Sjå ov​e​rsikt​​

​​​​Strategi- ​og handling​splan​

​Interregional styringsgruppe har utarbeidd​​ ein nasjonal strategi for arbeidet med nasjonale medisinske kvalitetsregister frå 2021 til 2023. Strategien skal svare på forventingar til framtidig funksjon og bruk av registera, og legg til grunn at nasjonale kvalitetsregister skal vere eit viktig verkemiddel for å nå sentrale helsepolitiske mål. ​

Strategi- og handlingsplan for nasjonale medisinske kvalitetsregister 2021-2023

​​​​Statusrapportar

Statusrapportar for nasjonale medisinske kvalitetsregister blir publisert årleg frå Nasjonalt servicemiljø. Statusrapporten skildrar utvikling på feltet og satsingsområde i året som er gått. 

Statusrapportar for nasjonale medisinske kvalitetsregister

​​​​​Årsrapportar

Kvart år utarbeider dei nasjonale kvalitetsregistera årsapport med plan for forbetringstiltak. Under finn du ei samla oversikt over alle årsrapportane frå dei nasjonale kvalitetsregistera​.

Årsapportar for nasjonale medisinske kvalitetsregister​​

​​​​​Sjukehusvisaren

Sjukehusvisaren er ein interaktiv resultaframvising av resultat frå dei nasjonale medisinske kvalitetsregistera. Her kan du velje eitt eller fleire sjukehus for å få ei samla oversikt eller samanlikne resultat med andre.

Sjå sjukehusvisaren​​

​​​​​Regionale stimuleringsmidlar​

På vegner av Helse Vest blir det årleg lyst ut stimuleringsmidlar på opp til 150 000 kroner. Formålet med midlane er å stimulere til bruk av data frå kvalitetsregister til forbetringsarbeid.

Utlysing av regionale stimuleringsmidlar 2022

​​​​​​Nasjonale midlar til kvalitetsforbetringsarbeid

Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregister lyser årleg ut midlar til kvalitetsforbetringsarbeid.

Midlane blir lyste ut i første kvartal med søknadsfrist 1. september, og både dei nasjonale kvalitetsregistra og alle avdelingar som ønskjer å bruke data frå dei nasjonale kvalitetsregistera kan søke om desse midlane.

Utlysing av nasjonale midlar til kvalitetsforbetringsprosjekt

​​Nasjonale midlar til datakvalitet

Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregister lyser årleg ut prosjektmidlar til arbeid for å auke datakvaliteten i dei nasjonale kvalitetsregistra. 

Les meir​​​

Fagsenteret inngår i ei nettverksorganisering leia av Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregister, Helse Nord RHF. Fagsenteret har eit nært samarbeid med dei regionale einingane, Helse Vest IKT og Fagsenter for pasientrapporterte data.

Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregister blei etablert i 2009 og er organisert i Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord. Dette er eit kompetansemiljø som har fått i oppgåve å sikre drift og god utnytting av dei medisinske kvalitetsregistera. Dei regionale einingane har eit særskilt ansvar overfor dei nasjonale kvalitetsregister tillagt «sitt» regionale helseføretak.​

​Les meir om Nasjonalt servi​cemiljø​​​

Styringsorgan for IKT-løysingar for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest er etablert ut frå eit behov for eit nytt vedtaksforum for å rapportere og ta avgjerdslar om utvikling av teknisk løysing.

Styringsorgan for IKT-løysingar for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest (PDF)​​​

Sist oppdatert 19.04.2023